Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel

Eg er porten
10«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.  2 Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.  3 Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut.  4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»  6 Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
   
 7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene.  8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Den gode gjetaren
11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.
   
17 Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
   
19 No vart det på nytt usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21 Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»
Jesus er Guds Son
22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter. 23 Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen. 24 Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!» 25 Jesus svara: «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje. Dei gjerningane eg gjer i namnet til Far min, vitnar om meg. 26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. 27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. 29 Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min. 30 Eg og Far er eitt.»
   
31 På nytt tok jødane opp steinar og ville steina han. 32 Jesus sa til dei: «Eg har vist dykk mange gode gjerningar frå Far. Kva for ei av desse gjerningane er det de vil steina meg for?» 33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje», svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.» 34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt: De er gudar’? 35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft. 36 Kvifor seier de då om han som Far har helga og sendt til verda: ‘Du spottar Gud’ når han seier: ‘Eg er Guds Son’? 37 Gjer eg ikkje gjerningane til Far min, så tru meg ikkje. 38 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Far er i meg og eg i Far.» 39 Då prøvde dei på nytt å gripa han, men han slapp ut av hendene deira.
   
40 Så fór Jesus attende til andre sida av Jordan, til den staden der Johannes først hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. 41 Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» 42 Og det var mange der som kom til tru på Jesus.
Joh 10,20 viser til Joh 7,20+
Note : festen … innviinga av tempelet: vart halden i desember. =festar og høgtider.
Joh 10,23 viser til Apg 3,11
Note : Salomos søylehall: den austre søylegangen på tempelplassen. =Guds bustad.
Joh 10,29 viser til Jes 43,13
Note : Det Far min … alt anna: Nokre handskrifter har «Far min, som har gjeve dei til meg, er større enn alle».
Joh 10,42 viser til Joh 2,23+
Forrige kapittelNeste kapittel

11. april 2021

Dagens Bibelord

Johannes 21,15–19

Les i nettbibelen

15Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!» ... Vis hele teksten

15Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!» 16Igjen, for annen gang, sier han: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg?» «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær», svarte Peter. Jesus sier: «Vær gjeter for sauene mine!» 17Så sier han for tredje gang: «Simon, sønn av Johannes, har du meg kjær?» Peter ble bedrøvet over at Jesus for tredje gang spurte om han hadde ham kjær, og han sa: «Herre, du vet alt. Du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø sauene mine! 18Sannelig, sannelig, jeg sier deg: Da du var ung, bandt du beltet om deg og gikk dit du selv ville. Men når du blir gammel, skal du strekke ut hendene dine, og en annen skal binde beltet om deg og føre deg dit du ikke vil.» 19Dette sa han for å gi til kjenne hva slags død han skulle ære Gud med. Da han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»