Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Vegen, sanninga og livet
14Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!  2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk?  3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.  4 Og dit eg går, veit de vegen.»
   
 5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?»  6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.  7 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
   
 8 Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.»  9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10 Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far. 13 Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Lovnad om Den heilage ande
15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: 17 Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
   
21 Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»
   
22 Judas – ikkje Judas Iskariot – seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. 25 Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26 Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.
Kristi fred
27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender. 30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg. 31 Men for at verda skal skjøna at eg elskar Far, og fordi Far har bode meg det, gjer eg som Far seier. Reis dykk, lat oss gå herifrå!
< Forrige kapittelNeste kapittel >

25. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 1,35–46

Les i nettbibelen

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. ... Vis hele teksten

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39«Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen. 40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. 43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.