Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel
16Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall.  2 Dei skal støyta dykk ut av synagogen. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste.  3 Og alt det gjer dei fordi dei korkje kjenner Far min eller meg.  4 Dette har eg sagt dykk slik at de, når deira tid kjem, skal hugsa at eg sa det til dykk.
Talsmannen
Eg sa ikkje dette til dykk frå først av, for då var eg hos dykk.  5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’  6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.  7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er:  9 Synda er at dei ikkje trur på meg. 10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11 Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
   
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk. 15 Alt det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.
Sorga skal vendast til glede
16 Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg.» 17 Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’? 18 Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.» 19 Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Snakkar de om det eg sa: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’? 20 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede. 21 Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda. 22 På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.
   
23 Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. 24 Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.
Siger over verda
25 Dette har eg sagt dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje lenger skal tala til dykk i likningar, men ope og rett fram fortelja dykk om Far. 26 Den dagen skal de be i mitt namn; eg seier ikkje at eg skal spørja Far for dykk då. 27 For Far sjølv elskar dykk fordi de har elska meg og trudd at eg har gått ut frå Gud. 28 Eg har gått ut frå Far og er komen til verda. No dreg eg bort frå verda att og går til Far.»
   
29 Då sa læresveinane: «No talar du rett fram og ikkje i likningar. 30 No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng at nokon spør deg. Difor trur vi at du har gått ut frå Gud.» 31 Jesus svara: «Trur de no? 32 Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då de skal spreiast og gå kvar til sitt og la meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Far er med meg. 33 Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda!»
Forrige kapittelNeste kapittel

25. januar 2022

Dagens bibelord

Apostelgjerningene 9,21–31

Les i nettbibelen

21Alle som hørte på, ble forundret og sa: «Er ikke dette han som i Jerusalem ville utrydde alle som påkaller dette navnet? Kom han ikke hit for å føre dem i lenker til overprestene?» ... Vis hele teksten

21Alle som hørte på, ble forundret og sa: «Er ikke dette han som i Jerusalem ville utrydde alle som påkaller dette navnet? Kom han ikke hit for å føre dem i lenker til overprestene?» 22Men Saulus fikk stadig større kraft, og jødene i Damaskus ble svar skyldig da han viste klart at Jesus er Messias. 23En god stund senere la jødene planer om å drepe ham. 24Saulus fikk høre om denne sammensvergelsen. Døgnet rundt holdt de vakt, også ved byportene, for å få ham drept, 25men disiplene hans fikk ham ut om natten; de firte ham ned langs muren i en kurv. 26Da han kom til Jerusalem, forsøkte han å komme inn blant disiplene. Men alle var redd ham og trodde ikke han var noen disippel. 27Barnabas tok ham da med seg til apostlene. Han fortalte dem hvordan Saulus på veien hadde sett Herren, som hadde talt til ham, og hvordan han i Damaskus hadde forkynt frimodig i Jesu navn. 28Etter dette gikk han inn og ut hos dem i Jerusalem og forkynte fritt og åpent i Herrens navn. 29Han talte og diskuterte med de gresktalende jødene, men de forsøkte å få ham drept. 30Da brødrene fikk vite det, brakte de ham til Cæsarea og sendte ham videre til Tarsos. 31Kirken hadde nå fred over hele Judea og Galilea og Samaria. Den ble bygd opp og levde i ærefrykt for Herren, og den vokste, styrket av Den hellige ånd.