FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Evangeliet etter Johannes

17

Jesus bed for alle sine

1 Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:

«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.

6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. 7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. 8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.

9 Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. 10 Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. 11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt. 12 Då eg var hos dei, heldt eg dei fast i ditt namn, det namnet som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan fortapingssonen, så Skrifta skulle oppfyllast. 13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, slik eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16 Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda. 17 Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning. 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.

20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.