Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

JESUS LID OG DØYR (Kap. 18–19)
Jesus blir teken til fange
18    Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.  2 Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der.  3 Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen.
   
 4 Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?»  5 «Jesus frå Nasaret», svara dei. «Det er eg», seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg.  6 Då Jesus sa: «Det er eg», tumla dei bakover og fall til jorda.  7 På nytt spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret», svara dei.  8 «Eg har sagt dykk at det er eg», sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse andre gå!»  9 Slik skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mista ein einaste.»
   
10 Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret. Tenaren heitte Malkos. 11 Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka det begeret som Far har gjeve meg?»
Jesus for øvstepresten. Peter fornektar
12 Vaktstyrken, kommandanten og vaktmennene til jødane greip no Jesus og batt han. 13 Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året. 14 Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
   
15 Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen til øvstepresten saman med Jesus. 16 Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestejenta som vakta porten, og fekk Peter med seg inn. 17 I det same seier ho til Peter: «Er ikkje du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei», svara han, «det er eg ikkje.» 18 Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.
   
19 Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans. 20 «Eg har tala ope for heile verda», svara Jesus. «Eg har alltid undervist i synagogar og i tempelet, der alle jødar kjem saman; eg har aldri tala i løynd. 21 Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei om. Dei veit kva eg har sagt.» 22 Ein av vaktmennene som stod der, slo då Jesus i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?» 23 Jesus sa til han: «Sa eg noko urett, så vis at det var urett! Men var det rett, kvifor slår du meg då?» 24 Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.
   
25 Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er ikkje du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.» 26 Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning av han som Peter hadde hogge øyret av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?» 27 Men Peter nekta på nytt. Og med det same gol hanen.
Jesus for Pilatus
28 Frå Kaifas førte dei Jesus til borga der landshovdingen heldt til. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet. 29 Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva skuldingar har de mot dette mennesket?» 30 Dei svara: «Var han ikkje ein forbrytar, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.» 31 «Ta han de», sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.» 32 Slik skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt då han lét dei få vita kva slag død han skulle lida.
   
33 Pilatus gjekk då på nytt inn i borga. Han kalla Jesus til seg og sa: «Er du kongen over jødane?» 34 Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt dette om meg?» 35 «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Ditt eige folk og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?» 36 Då sa Jesus: «Mi kongsmakt er ikkje av denne verda. Var mi kongsmakt av denne verda, hadde mennene mine stridd for meg, så eg ikkje skulle bli overgjeven i hendene på jødane. Men mi kongsmakt er ikkje av denne verda.» 37 «Du er altså konge?» sa Pilatus. «Du seier at eg er konge», svara Jesus. «Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» 38 «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hos denne mannen. 39 Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?» 40 Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

20. august 2022

Dagens bibelord

2. Mosebok 20,1–17

Les i nettbibelen

1Gud tala alle desse orda: 2Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset. 3Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. ... Vis hele teksten

1Gud tala alle desse orda: 2Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset. 3Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. 4Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 5Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 6men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine. 7Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans. 8Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. 9Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. 11For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han. 12Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg. 13Du skal ikkje slå i hel. 14Du skal ikkje bryta ekteskapet. 15Du skal ikkje stela. 16Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din. 17Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.