Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
19Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han.  2 Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.  3 Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, jødekonge!» Og dei slo han i andletet.  4 På nytt gjekk Pilatus ut av borga og sa til folket: «No fører eg han ut til dykk, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hos han.»
   
 5 Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus seier til dei: «Sjå det mennesket!»  6 Men då overprestane og vaktmennene fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hos han.»  7 Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»
   
 8 Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.  9 Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar. 10 «Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?» 11 Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.» 12 Etter dette ville Pilatus gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje ven med keisaren. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»
Jesus blir dømd
13 Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i dommarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. 14 Det var helgaftan før påske, omkring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå kongen dykkar!» 15 Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren», svara overprestane. 16 Då gav han Jesus over til dei så han skulle krossfestast.
Jesus blir krossfest og døyr
Så tok dei Jesus med seg. 17 Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. 18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei. 19 Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive:
          «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»
20 Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. 21 Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.» 22 Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
   
23 Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned. 24 Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle *dette ordet i• Skrifta oppfyllast:
           Dei delte kleda mine mellom seg
           og kasta lodd om kappa.
Dette gjorde soldatane.
   
25 Innmed Jesu kross stod mor hans og syster til mor hans, Maria, som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26 Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.» 27 Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.
   
28 Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.» 29 Det stod eit kar med vineddik der. Av den vinen fylte dei ein svamp som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. 30 Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
   
31 Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned. 32 Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus. 33 Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein. 34 Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn. 35 Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru. 36 Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast:
           Ikkje eit bein skal brytast på han.
37 Og eit anna skriftord seier:
           Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.

Jesus blir gravlagd
38 Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen. 39 Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund. 40 Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane. 41 På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i. 42 Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hos jødane og grava låg så nær.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. november 2022

Dagens bibelord

Jesaja 12,1–6

Les i nettbibelen

1Den dagen skal du si: Jeg takker deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøstet meg. 2Se, Gud er min frelse, jeg er trygg og frykter ikke. For Herren er min styrke og min sang, og han er blitt min frelse. ... Vis hele teksten

1Den dagen skal du si: Jeg takker deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøstet meg. 2Se, Gud er min frelse, jeg er trygg og frykter ikke. For Herren er min styrke og min sang, og han er blitt min frelse. 3Med glede skal dere øse vann av frelsens kilder. 4Den dagen skal dere si: Lovpris Herren, påkall hans navn! Gjør hans gjerninger kjent blant folkene, forkynn at hans navn er opphøyd! 5Syng for Herren, for han har gjort storverk, gjør dette kjent over hele jorden! 6Rop høyt i jubel, dere som bor på Sion! For Israels Hellige er stor, han er midt iblant dere.

Dagens bibelord

Jesaja 12,1–6

Les i nettbibelen

1Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøysta meg. 2Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje. For Herren er min styrke og min song, og han har vorte mi frelse. ... Vis hele teksten

1Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøysta meg. 2Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje. For Herren er min styrke og min song, og han har vorte mi frelse. 3Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse. 4Den dagen skal de seia: Lovpris Herren, kall på hans namn! Gjer gjerningane hans kjende mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt! 5Syng for Herren, for han har gjort storverk, gjer dette kjent over heile jorda! 6Rop høgt i jubel, de som bur på Sion! For Israels Heilage er stor, han er midt iblant dykk.

Dagens bibelord

Jesaja 12,1–6

Les i nettbibelen

1Dan beaivvi don dajat: “Mun máinnun du, Hearrá. Don ledjet suhttan munnje, muhto du moarri soaččui, ja don jeđđejit mu. 2Ja nu Ipmil lea mu bestojupmi, mun lean oadjebas inge bala. Hearrá lea mu fápmu ja mu suodji, son besttii mu.” ... Vis hele teksten

1Dan beaivvi don dajat: “Mun máinnun du, Hearrá. Don ledjet suhttan munnje, muhto du moarri soaččui, ja don jeđđejit mu. 2Ja nu Ipmil lea mu bestojupmi, mun lean oadjebas inge bala. Hearrá lea mu fápmu ja mu suodji, son besttii mu.” 3Ilus dii goaivubehtet čázi bestojumi ádjagiin. 4Dan beaivvi dii dadjabehtet: Máidnot Hearrá, rávket su nama, muitalehket álbmogiidda su daguid, gulahehket su aliduvvon nama! 5Rámidehket Hearrá, son lea dahkan stuorra daguid, almmuhehket daid miehtá eatnama! 6Čurvot ávus, dii geat ássabehtet Sionis, danin go stuoris din gaskkas lea Israela Bassi.