Gå til forsiden

Evangeliet etter Johannes

21

Jesus syner seg for læresveinane ved Tiberiassjøen

1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: 2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. 3 Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.

4 Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. 6 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.

9 Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.

14 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.

Jesus og Peter

15 Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» 16 Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» 17 Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! 18 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19 Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

20 Peter snudde seg og såg at den læresveinen som Jesus hadde kjær, følgde etter. Det var han som hadde bøygd seg nærare inntil Jesus då dei heldt måltid, og spurt: «Herre, kven er det som skal svika deg?» 21 Då Peter såg han, sa han til Jesus: «Herre, korleis skal det så gå med han?» 22 Jesus svara: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Følg du meg!» 23 Så spreidde dette ordet seg mellom syskena: «Den læresveinen skal ikkje døy.» Men Jesus sa ikkje at han ikkje skulle døy; det han sa, var: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har så du med det?»

Sluttord

24 Det er den læresveinen som vitnar om alt dette, og det er han som har skrive dette. Og vi veit at vitneutsegna hans er sann.

25 Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.