Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Den sjuke ved Betesda
5Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem.  2 Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar.  3 Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. *Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle,  4 for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.•
   
 5 No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.  6 Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»  7 «Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»  8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»  9 Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.
        Men det var sabbat den dagen.
10 Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» 11 Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’» 12 «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. 13 Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. 14 Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 15 Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
Fullmakta til Sonen
16 Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. 17 Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.» 18 Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud.
   
19 Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins. 20 For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. 21 For slik Far vekkjer opp dei døde og gjer dei levande, slik gjer òg Sonen levande kven han vil. 22 Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen, 23 så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han.
   
24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet. 25 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva. 26 For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv, 27 og han har gjeve han fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen. 28 De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. 29 Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom. 30 Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.
Vitne om Jesus
31 Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig. 32 Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann. 33 De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga. 34 Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste. 35 Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.
   
36 Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg. 37 Ja, Far som har sendt meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, hans skapnad har de aldri sett, 38 og hans ord lèt de ikkje bli verande i dykk. For de trur ikkje på den han har sendt. 39 De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg! 40 Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.
   
41 Eg tek ikkje imot ære av menneske. 42 Tvert imot, for eg kjenner dykk og veit at de ikkje har Guds kjærleik i dykk. 43 Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han. 44 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud?
   
45 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til. 46 For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive. 47 Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

19. mai 2022

Dagens bibelord

Daniel 9,17–19

Les i nettbibelen

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. ... Vis hele teksten

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. 18Min Gud, vend øret hit og hør! Åpne dine øyne og se våre ruiner og byen som ditt navn er nevnt over. For det er ikke i tillit til våre rettferdige gjerninger at vi kommer fram for ditt ansikt med våre rop om nåde, det er i tillit til din store barmhjertighet. 19Hør, Herre! Tilgi, Herre! Lytt og grip inn, drøy ikke – for din egen skyld, min Gud! For ditt navn er nevnt over byen din og folket ditt.»