Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Jesus dreg opp til lauvhyttefesten 7Sidan drog Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea, for jødane prøvde å drepa han. 2 Så nærma lauvhyttefesten seg, ei av høgtidene til jødane. 3 Då sa brørne hans til han: «Dra herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningane du gjer. 4 For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!» 5 For heller ikkje brørne hans trudde på han. 6 Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida. 7 Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde. 8 Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.» 9 Dette sa han til dei og vart verande i Galilea. 10 Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd. 11 Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?» 12 Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.» 13 Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane. Jesus står fram under lauvhyttefesten 14 Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa. 15 Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» 16 Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. 17 Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv. 18 Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære, men den som søkjer ære for den som har sendt han, han talar sant, og det finst ikkje urett i han. 19 Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?» 20 «Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?» 21 Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman. 22 Moses har gjeve dykk omskjeringa – ho er eigentleg ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer til og med på ein sabbat. 23 Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då vonde på meg fordi eg har gjort heile mennesket friskt på ein sabbat? 24 Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!» Levande vatn 25 Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa? 26 Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias? 27 Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.» 28 Då ropa Jesus ut medan han underviste på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv. Nei, han som har sendt meg, er truverdig, men han kjenner de ikkje. 29 Men eg kjenner han, for eg kjem frå han, og han har sendt meg.» 30 Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje timen hans komen. 31 I folket var det mange som tok til å tru på han, og dei sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn denne mannen har gjort?» 32 Farisearane høyrde alt snakket om han blant folk, og overprestane og farisearane sende ut nokre av mennene sine som skulle gripa han. 33 Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hos dykk, så fer eg til han som har sendt meg. 34 De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.» 35 Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og undervisa grekarar? 36 Kva meiner han med det han sa: ‘De skal søkja meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma’?» 37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord. 40 Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.» 41 Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea? 42 Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?» 43 Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld. 44 Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han. 45 Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?» 46 Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.» 47 «Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane. 48 «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller nokon av farisearane? 49 Men denne folkehopen som ikkje kjenner lova – dei er forbanna.» 50 Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus: 51 «Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?» 52 «Er du òg frå Galilea, kanskje?» svara dei. «Sjå etter i Skrifta, så skal du få sjå at det ikkje har stått fram nokon profet frå Galilea.» Kvinna som var gripen i ekteskapsbrot 53 *Så gjekk dei heim, kvar til seg,8og Jesus gjekk ut til Oljeberget. 2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. 3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram 4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. 5 I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» 6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» 8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9 Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. 10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11 «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»• Jesus, lyset i verda 12 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» 13 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.» 14 Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg. 15 De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen. 16 Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg. 17 Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig. 18 Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.» 19 «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» 20 Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen. Kven er du? 21 Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.» 22 Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?» 23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. 24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.» 25 «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus. 26 «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.» 27 Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om. 28 Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg. 29 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine, for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30 Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han. Abrahams ætt 31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. 35 Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, for ordet mitt har ikkje rom hos dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hos min Far, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham», sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, eit menneske som har sagt dykk sanninga han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor», sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen frå han. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av Gud.» 48 Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?» 49 «Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50 Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer. 51 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» 52 Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53 Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55 De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Om eg sa at eg ikkje kjenner han, var eg ein løgnar, slik som de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.» 57 «Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.» 59 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no