Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Johannes

7

Jesus dreg opp til lauvhyttefesten

1 Sidan drog Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea, for jødane prøvde å drepa han. 2 Så nærma lauvhyttefesten seg, ei av høgtidene til jødane. 3 Då sa brørne hans til han: «Dra herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningane du gjer. 4 For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!» 5 For heller ikkje brørne hans trudde på han. 6 Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida. 7 Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde. 8 Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.» 9 Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.

10 Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd. 11 Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?» 12 Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.» 13 Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.

Jesus står fram under lauvhyttefesten

14 Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa. 15 Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» 16 Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. 17 Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv. 18 Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære, men den som søkjer ære for den som har sendt han, han talar sant, og det finst ikkje urett i han. 19 Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?» 20 «Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?» 21 Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman. 22 Moses har gjeve dykk omskjeringa – ho er eigentleg ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer til og med på ein sabbat. 23 Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då vonde på meg fordi eg har gjort heile mennesket friskt på ein sabbat? 24 Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»

Levande vatn

25 Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa? 26 Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias? 27 Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.» 28 Då ropa Jesus ut medan han underviste på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv. Nei, han som har sendt meg, er truverdig, men han kjenner de ikkje. 29 Men eg kjenner han, for eg kjem frå han, og han har sendt meg.» 30 Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje timen hans komen.

31 I folket var det mange som tok til å tru på han, og dei sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn denne mannen har gjort?»

32 Farisearane høyrde alt snakket om han blant folk, og overprestane og farisearane sende ut nokre av mennene sine som skulle gripa han. 33 Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hos dykk, så fer eg til han som har sendt meg. 34 De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.» 35 Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og undervisa grekarar? 36 Kva meiner han med det han sa: ‘De skal søkja meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma’?»

37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord. 40 Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.» 41 Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea? 42 Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?» 43 Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld. 44 Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.

45 Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?» 46 Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.» 47 «Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane. 48 «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller nokon av farisearane? 49 Men denne folkehopen som ikkje kjenner lova – dei er forbanna.» 50 Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus: 51 «Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?» 52 «Er du òg frå Galilea, kanskje?» svara dei. «Sjå etter i Skrifta, så skal du få sjå at det ikkje har stått fram nokon profet frå Galilea.»

Kvinna som var gripen i ekteskapsbrot

53 *Så gjekk dei heim, kvar til seg,

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.