Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
8og Jesus gjekk ut til Oljeberget.  2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei.  3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram  4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot.  5 I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?»  6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.  7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»  8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.  9 Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. 10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11 «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»•
Jesus, lyset i verda
12 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» 13 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.» 14 Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg. 15 De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen. 16 Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg. 17 Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig. 18 Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.» 19 «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» 20 Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen.
Kven er du?
21 Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.» 22 Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?» 23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. 24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.» 25 «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus. 26 «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
   
27 Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om. 28 Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg. 29 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine, for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30 Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han.
Abrahams ætt
31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. 35 Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.
   
37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, for ordet mitt har ikkje rom hos dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hos min Far, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham», sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, eit menneske som har sagt dykk sanninga han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor», sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen frå han. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av Gud.»
   
48 Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?» 49 «Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50 Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer. 51 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» 52 Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53 Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55 De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Om eg sa at eg ikkje kjenner han, var eg ein løgnar, slik som de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.» 57 «Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.»
   
59 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. november 2022

Dagens bibelord

Matteus 21,1–11

Les i nettbibelen

1Da de nærmet seg Jerusalem og kom til Betfage ved Oljeberget, sendte Jesus to disipler av sted 2og sa til dem: «Gå inn i landsbyen som ligger foran dere! Der skal dere straks finne et esel som står bundet og har en fole hos seg. Løs dem og lei dem hit til meg! ... Vis hele teksten

1Da de nærmet seg Jerusalem og kom til Betfage ved Oljeberget, sendte Jesus to disipler av sted 2og sa til dem: «Gå inn i landsbyen som ligger foran dere! Der skal dere straks finne et esel som står bundet og har en fole hos seg. Løs dem og lei dem hit til meg! 3Og om noen kommer med spørsmål, skal dere svare: ‘Herren har bruk for dem.’ Da skal han straks sende dem med dere.» 4Dette skjedde for at det ordet skulle oppfylles som er talt gjennom profeten: 5Si til datter Sion: Se, din konge kommer til deg, ydmyk er han og rir på et esel og på trekkdyrets fole. 6Disiplene gikk av sted og gjorde som Jesus hadde sagt, 7og hentet eselet og folen. Så la de kappene sine på dem, og han satte seg opp. 8Mange i folkemengden bredte kappene sine ut over veien, andre skar greiner av trærne og strødde på veien. 9Og mengden som gikk foran, og de som fulgte etter, ropte: Hosianna, Davids sønn! Velsignet er han som kommer i Herrens navn! Hosianna i det høyeste! 10Da han dro inn i Jerusalem, ble det uro i hele byen, og de spurte: «Hvem er dette?» 11Og mengden svarte: «Det er profeten Jesus fra Nasaret i Galilea.»

Dagens bibelord

Matteus 21,1–11

Les i nettbibelen

1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg ... Vis hele teksten

1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg 2og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. 3Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.» 4Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: 5Sei til dotter Sion: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr. 6Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. 9Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste! 10Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Dagens bibelord

Matteus 21,1–11

Les i nettbibelen

1Go sii lahkanedje Jerusalemii ja bohte Betfagei Oljovári vuollái, de Jesus vuolggahii máhttájeddjiinis guoktása ... Vis hele teksten

1Go sii lahkanedje Jerusalemii ja bohte Betfagei Oljovári vuollái, de Jesus vuolggahii máhttájeddjiinis guoktása 2ja celkkii sudnuide: “Manni don gillái mii do oidno. Dallán go joavdabeahtti dohko, de gávdnabeahtti čadnojuvvon ásena ja várssá dan bálddas. Čoavdi daid ja bukti munnje. 3Jos muhtin dadjá dudnuide juoidá, de daddji ahte Hearrá dárbbaša daid, muhto vuolggaha daid fargga ruoktot.” 4Dát dáhpáhuvai vai ollašuvvá dat mii lea celkojuvvon profehta bokte: 5Celket nieida Sionii: Geahča, du gonagas boahtá du lusa! Son lea vuollegaš ja riide áseniin, fievrošibiha várssáin. 6Máhttájeaddji guovttos vulggiiga ja dagaiga nugo Jesus lei gohččon. 7Soai buvttiiga ásena ja várssá ja bijaiga daid ala oalgebiktasiiddiska, ja Jesus čohkánii ásena čielgái. 8Eatnagat lebbo biktasiiddiset geainnu ala, soapmásat čuhppe muorain ovssiid ja gilve daid geainnu ala. 9Ja olbmot geat vázze su ovddas ja maŋis, čurvo: “ Hosianna, Davida bárdni! Buressivdniduvvon lehkos son guhte boahtá Hearrá nammii! Hosianna allagasas!” 10Go son bođii Jerusalemii, de oppa gávpot lihkadišgođii, ja buohkat jerre: “Gii son lea?” 11Olbmot dadje: “Son lea Jesus, profehta Nasaretis Galileas eret.”