Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
8og Jesus gjekk ut til Oljeberget.
2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei.
3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram
4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot.
5 I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?»
6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.
7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»
8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.
9 Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han.
10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?»
11 «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»•
Jesus, lyset i verda 12 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» 13 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.» 14 Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg. 15 De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen. 16 Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg. 17 Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig. 18 Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.» 19 «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» 20 Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen. Kven er du? 21 Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.» 22 Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?» 23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. 24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.» 25 «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus. 26 «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.» 27 Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om. 28 Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg. 29 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine, for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30 Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han. Abrahams ætt 31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. 35 Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, for ordet mitt har ikkje rom hos dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hos min Far, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham», sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, eit menneske som har sagt dykk sanninga han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor», sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen frå han. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av Gud.» 48 Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?» 49 «Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50 Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer. 51 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» 52 Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53 Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55 De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Om eg sa at eg ikkje kjenner han, var eg ein løgnar, slik som de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.» 57 «Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.» 59 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
31. mai 2023
1I det året da kong Ussia døde, så jeg Herren sitte på en høy og opphøyd trone, og kanten på kappen hans fylte tempelet. 2Serafer sto overfor ham. Hver av dem hadde seks vinger. Med to dekket de ansiktet, med to dekket de føttene, og med to fløy de. ... Vis hele teksten
1I det året da kong Ussia døde, så jeg Herren sitte på en høy og opphøyd trone, og kanten på kappen hans fylte tempelet. 2Serafer sto overfor ham. Hver av dem hadde seks vinger. Med to dekket de ansiktet, med to dekket de føttene, og med to fløy de. 3De ropte til hverandre: «Hellig, hellig, hellig er Herren Sebaot. Hele jorden er full av hans herlighet.» 4Røsten som ropte, fikk boltene i dørtersklene til å riste, og huset ble fylt av røyk. 5Da sa jeg: «Ve meg! Det er ute med meg. For jeg er en mann med urene lepper, og jeg bor i et folk med urene lepper, og mine øyne har sett kongen, Herren over hærskarene.» 6Da fløy en av serafene bort til meg. I hånden hadde han en glo som han hadde tatt med en tang fra alteret. 7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Se, denne har rørt ved leppene dine. Din skyld er tatt bort, og din synd er sonet.» 8Da hørte jeg Herrens røst. Han sa: «Hvem skal jeg sende, og hvem vil gå for oss?»Jeg sa: «Jeg! Send meg!»
1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. 2Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. ... Vis hele teksten
1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. 2Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. 3Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. Heile jorda er full av hans herlegdom.» 4Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk. 5Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane.» 6Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.» 8Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?»Eg sa: «Eg! Send meg!»
1Gonagas Ussia jápminjagi mun oidnen Hearrá: Son čohkkái alla ja aliduvvon truvnnus, ja su oalgebiktasa healmmit devde tempela. 2Su bajábealde čužžo serafat, guhtta soaji guđesge. Guvttiin sii gokče ámadaju, guvttiin sii gokče julggiid, ja guvttiin sii girde. ... Vis hele teksten
1Gonagas Ussia jápminjagi mun oidnen Hearrá: Son čohkkái alla ja aliduvvon truvnnus, ja su oalgebiktasa healmmit devde tempela. 2Su bajábealde čužžo serafat, guhtta soaji guđesge. Guvttiin sii gokče ámadaju, guvttiin sii gokče julggiid, ja guvttiin sii girde. 3Sii čurvo guhtet guimmiidasaset: “Bassi, bassi, bassi lea Hearrá Sebaot, Oppa eatnama dievva lea su hearvásvuohta.” 4Čuorvvas bijai uvssa lasáid doarggistit, ja tempela devddii suovva. 5Mun celken: “Vuoi mu, mun duššan! Mus leat buhtismeahttun baksamat, ja mun ásan álbmoga gaskkas mas leat buhtismeahttun baksamat, ja dál mu čalmmit leat oaidnán Gonagasa, Hearrá, Almmiveagaid Ipmila.” 6Dalle okta serafain girddii mu lusa, ja su gieđas lei buolli čađđa maid son lei váldán áltáris basttaiguin. 7Dainna son guoskkahii mu njálmmi ja celkkii: “Go dát guoská du baksamiidda, de du suddovealgi váldojuvvo eret, ja du suddu soabahuvvo.” 8Ja mun gullen Hearrá jiena. Son celkkii: “Gean mun vuolggahan, gii vuolgá min áirrasin?” Mun vástidin: “Dás mun lean, vuolggat mu!”