Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

Jobs lukke og ulukke

Job Kap. 1–21

Job og familien hans

1 Det budde ein mann i landet Us. Job var namnet hans. Han var ein from og rettskaffen mann som frykta Gud og heldt seg borte frå alt vondt. 2 Han fekk sju søner og tre døtrer. 3 Han hadde ein buskap på sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Mange tenarar hadde han òg. Denne mannen var den største blant folka i aust.

4 Sønene til Job brukte å festa hos kvarandre på omgang. Dei inviterte dei tre systrene sine til å eta og drikka saman med dei. 5 Når dagane med festing var over, sende Job bod for å helga dei. Han stod tidleg opp om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild. For, som Job sa: «Kanskje har borna mine synda og spotta Gud i sitt hjarte.» Slik gjorde Job alltid.

Den første prøva

6 Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var også Klagaren. 7  Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» og han svara: «Eg har streifa omkring på jorda.» 8  Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.» 9 Men Klagaren svara: «Det er vel ikkje utan grunn at Job fryktar Gud? 10 Har du ikkje på alle vis verna om han og huset hans og alt han eig? Hans henders arbeid velsignar du, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett berre handa ut og rør ved alt som er hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.» 12 Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, alt han eig, er i di makt, men han sjølv får du ikkje leggja hand på!» Så gjekk Klagaren bort frå Herren.

13 Ein dag sat sønene og døtrene til Job og åt og drakk vin heime hos den eldste broren. 14 Då kom ein bodberar til Job og sa: «Medan oksane gjekk for plogen og eselhoppene beitte like ved, 15 overfall sabearane oss og tok dyra. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.» 16 Medan han enno tala, kom ein annan og sa: «Ein Guds eld fall frå himmelen. Elden råka sauene og tenarane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.» 17 Medan han enno tala, kom ein tredje og sa: «Kaldearane kom, delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.» 18 Medan han enno tala, kom endå ein og sa: «Sønene og døtrene dine åt og drakk vin heime hos den eldste broren. 19 Med eitt kom ein sterk vind frå den andre sida av ørkenen. Han tok tak i alle fire hjørna på huset, så det fall saman over dei unge, og dei døydde. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»

20 Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klipte av seg håret. Han kasta seg til jorda og tilbad.

21 Han sa: «Naken kom eg frå mors liv.

Naken vender eg attende.

Herren gav, Herren tok,

velsigna vere Herrens namn!»

22 Gjennom alt dette synda ikkje Job. Han krenkte ikkje Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.