Gå til forsiden

Job

12

Job: Ulukke kan ramma alle

1 Då tok Job til ords og sa:


2 Ja, de snakkar som folk flest,

med dykk døyr nok visdomen ut!

3 Men eg òg har forstand,

eg står ikkje tilbake for dykk.

Kven kjenner ikkje til alt dette?

4 Eg er til lått for venene mine,

eg som ropa til Gud og fekk svar,

til lått, eg som er rettferdig og from!

5 «Gløym ulukka», tenkjer den sorglause,

«ho rammar berre han som snublar.»

6 Telta til valdsmenn får stå i fred;

trygge er dei som utfordrar Gud

og trur dei har han i si hole hand.


7 Spør berre dyra, og dei skal læra deg,

spør fuglane under himmelen, og dei skal opplysa deg.

8 Snakk med jorda, og ho skal læra deg,

fiskane i havet skal fortelja.

9 Kven av desse har ikkje skjøna

at Herrens hand har laga dette?

10 Han har kvar levande skapning i si hand,

og ånda til kvart menneske.

11 Prøver ikkje øyret det som blir sagt?

Ganen smakar då på maten?

12 Med alderdom kjem visdom,

eit langt liv gjev innsikt.

13 Hos Gud er visdom og styrke,

råd og forstand.

14 Når han riv ned, byggjer ingen opp;

når han lèt att for ein mann, kan ingen opna.

15 Når han stengjer for vatnet, blir det tørke,

og når han opnar, blir jorda skyld bort.

16 Hos han er styrke og innsikt.

Den som fer vill og den som fører vill, tilhøyrer han.


17 Han viser rådgjevarar berrføtte bort,

og dommarar gjer han til dårar.

18 Han løyser kongars lenkjer

og bind beltet om dei.

19 Han fører prestar berrføtte bort

og feller dei sterke.

20 Han lèt dei pålitelege mista munn og mæle,

tek dømmekrafta frå dei eldste.

21 Han auser skam over stormenn

og tek våpenbeltet av dei sterke.

22 Han avdekkjer det mørke djupet,

dreg dødsskuggen fram i lyset.

23 Han lèt folkeslag veksa, og han gjer ende på dei,

han spreier folka, og han leier dei.

24 Han tek vitet frå leiarane for folket i landet

og fører dei vill i veglause audna.

25 Dei famlar i mørker utan lys,

han lèt dei gå seg bort som drukne menn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.