Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Job

17

Livslyset sloknar

1 Livskrafta mi er broten, dagane mine tek ende,

berre grava står att.

2 Spottarar omgjev meg,

auget må dvela ved deira motstand.

3 Ta vare på mitt pant hos deg!

Kven elles skulle gje meg handslag?

4 Du har stengt hjartet deira for innsikt

og lèt dei oppnå lite ære.


5 Ein mann fortel vener om delinga av arven

medan auga til borna sloknar.

6 Han har gjort meg til eit ordtak for folk,

til ein som dei spyttar i andletet.

7 Auga mine er sløva av sorg,

og lemene er som ein skugge.

8 Dei rettskafne grøssar av slikt,

den skuldfrie er opprørt over den ugudelege.

9 Den rettferdige held fast på sin veg,

for reine hender gjev større styrke.

10 Men kom berre hit, alle saman!

Eg finn ingen som er vis mellom dykk.


11 Dagane mine tek slutt,

planane mine ligg knuste,

ja, mine inste lengsler.

12 Dei gjer natta til dag,

seier lyset er nær sjølv om det er mørkt.

13 Kva har eg å vona på?

Dødsriket er min bustad,

i mørkret reier eg mi seng.

14 Eg ropar til grava: «Du er min far!»

og til makken i jorda: «Mi mor og syster!»

15 Kvar er mitt håp?

Kven kan vel få auge på det?

16 Går også håpet til dødsriket?

Stig vi saman ned i støvet?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.