Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

19

Job: Skriv det med jerngriffel og bly

1 Då tok Job til ords og sa:


2 Kor lenge vil de plaga meg

og knusa meg med ord?

3 Det er tiande gongen de spottar meg

og utan skam går laus på meg.

4 Har eg verkeleg feila,

så må eg sjølv leva med feilen.

5 Vil de heva dykk over meg,

så vis at mi vanære er fortent!

6 Men vit at Gud gjer meg urett

når han spenner sitt garn omkring meg.


7 Eg ropar om vald utan å bli høyrd.

Eg skrik om hjelp, men det finst ingen rett.

8 Han stengjer vegen, eg når ikkje fram.

Han legg mine stigar i mørker.

9 Æra tek han frå meg,

riv krona av hovudet mitt.

10 Han bryt meg heilt ned, eg må gå bort.

Håpet mitt rykkjer han opp som eit tre.


11 Vreiden hans flammar mot meg,

han reknar meg som sin motstandar.

12 No kjem alle troppane hans,

dei marsjerer mot meg

og omringar teltet mitt.


13 Brørne mine held seg på avstand,

kjenningane mine er som framande.

14 Dei næraste er borte,

dei som kjende meg, har gløymt meg.

15 Huslyd og tenestejenter reknar meg som ein framand;

ein utlending er eg i deira auge.

16 Ropar eg på tenaren, svarar han ikkje;

eg må be han audmjukt om hjelp.

17 Anden min er ekkel for kona mi,

eg vekkjer avsky hos mine eigne born.

18 Sjølv gutungar foraktar meg.

Når eg reiser meg, talar dei mot meg.

19 Dei fortrulege venene viser no avsky,

dei eg elskar, vender seg mot meg.

20 Eg er ikkje anna enn skinn og bein,

tannlaus må eg berga meg.


21 Spar meg, ja, spar meg, vener!

For Guds hand har rørt ved meg.

22 Kvifor jagar de meg slik også Gud gjer?

Blir de aldri mette av mitt kjøt?


23 Om berre mine ord vart skrivne ned,

om dei vart innførte i ein bokrull,

24 forma med griffel av jern og med bly,

rissa i stein for alltid!

25 Eg veit at min utløysar lever.

Som den siste skal han stå fram i støvet.

26 Når huda er riven av meg og kjøtet er borte,

skal eg sjå Gud.

27 Mine auge ser,

det er eg som får sjå han,

ikkje ein framand.

Mitt indre fortærest av lengsel!

28 De seier: «Lat oss jaga han.

Årsaka finst hos han.»

29 Frykt heller de sjølve for sverdet;

for sverdet brenn mot urett,

og de skal få kjenna at det finst ein dom.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.