Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

23

Job: Eg teier ikkje

1 Då tok Job til ords og sa:


2 Framleis er klaga mi trassig,

endå eg dempar mine stønn med hard hand.

3 Om eg berre kunne finna han,

stiga inn i hans tronsal,

4 då ville eg leggja fram mi sak for han,

fylla munnen med motbevis.

5 Då kunne eg få vita kva han ville svara,

og forstå kva han vil seia meg.

6 Ville han bruka si store makt i saka mot meg?

Å nei, han ville nok høyra på meg.

7 Så drøfte eg saka ærleg med han,

og dommaren sette meg fri for alltid.


8 Går eg mot aust, er han ikkje der,

går eg mot vest, merkar eg han ikkje.

9 Arbeider han i nord, veit eg det ikkje.

Og snur han mot sør, ser eg det ikkje.

10 Men han kjenner den vegen eg følgde.

Prøver han meg, kjem eg ut som gull.

11 Føtene mine gjekk i hans spor,

eg følgde hans veg og veik ikkje av.

12 Eg braut ikkje boda frå leppene hans,

orda frå hans munn gøymde eg i mitt indre.


13 Han er den einaste; kven kan hindra han?

Det han har lyst til, det gjer han.

14 Han fullfører det han har fastsett for meg,

og meir av same slag har han i tankar.

15 Difor er eg redd for å møta han.

Eg tenkjer etter og blir slegen av skrekk.

16 Gud gjer meg motlaus,

Den veldige skremmer meg.

17 Men eg teier ikkje i møte med mørkret,

når bekmørkret dekkjer meg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.