Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

28

Visdomen, kvar finst han?

1 Sølvet har sine gruver,

gullet sin stad der det blir vaska ut.

2 Jern blir henta ut or jorda,

og kopar blir smelta ut av stein.

3 Dei gjer ende på mørkret,

i fjerne krokar finn dei

stein løynd i svarte mørkret.

4 Dei bryt sjakter langt frå der menneske bur.

På gløymde stader, der ingen fot trødde,

heng dei og dinglar, langt frå folk.

5 Jorda ber fram føde,

men i djupet blir ho elta rundt med eld.

6 I steinane der nede er safir,

der finst det gullstøv òg.

7 Ingen rovfugl kjenner stigen dit,

den har ikkje noko falkeauge sett.

8 Der trør ikkje stolte rovdyr,

inga løve går på stigen.

9 Mennesket legg hand på harde steinen

og endevender fjell frå grunnen.

10 Dei sprengjer seg gangar i berget,

og auga får sjå alle slag kostbare ting.

11 Dei stoppar til vassårer

og dreg det løynde fram i lyset.


12 Men visdomen, kvar finst han?

Kvar har forstanden sin bustad?

13 Mennesket veit ikkje kva forstanden er verd.

Han finst ikkje i landet til dei levande.

14 Djupet seier: «I meg er han ikkje»,

og havet seier: «Han er ikkje hos meg.»

15 Han kan ikkje kjøpast for det finaste gull,

prisen kan ikkje vegast i sølv;

16 han kan ikkje betalast i Ofir-gull,

i kostbar onyks eller safir.

17 Han kan ikkje målast i gull eller glas,

ingen kan byta han til seg for skåler av finaste gull.

18 Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast;

å eiga visdom er betre enn perler.

19 Han kan ikkje målast i topas frå Kusj,

ikkje betalast med det reinaste gull.


20 Kvar kjem då visdomen frå?

Kvar har forstanden sin bustad?

21 Visdomen er løynd for kvart levande auge,

gøymd for fuglane under himmelen.

22 Avgrunnen og døden seier:

«Vi har berre høyrt om han.»

23 Gud kjenner vegen til visdomen.

Han veit kvar han har sin bustad.

24 Han skodar til heimsens endar,

alt under himmelen kan han sjå.

25 Då han gav vinden vekt

og lét vatnet få rette mål,

26 då han sette ei grense for regnet

og fastla vegar for lyn og tore,

27 då såg han visdomen og målte han,

stilte han opp og granska han.

28 Så sa han til mennesket:

Å frykta Herren, det er visdom,

å venda seg bort frå det vonde, det er forstand.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.