Gå til forsiden

Job

32

Elihu: Også eg vil tala

1 Desse tre mennene heldt opp med å svara Job fordi han såg seg sjølv som rettferdig. 2 Elihu, son til Barakel frå Bus, av Ram-slekta, vart då fylt av harme. Vreiden hans flamma opp mot Job, som meinte seg å vera meir rettferdig enn Gud. 3 Også på dei tre venene var han sint fordi dei ikkje tok til motmæle, endå dei meinte at Job var skuldig. 4 Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han. 5 Men då Elihu såg at det ikkje fanst svar i munnen til dei tre mennene, vart han brennande harm. 6 Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:


Eg er ung av år, og de er gamle.

Difor var eg redd,

våga ikkje å seia mi meining til dykk.

7 Eg tenkte: «Lat alderen tala,

lat dei mange år bera fram visdom!»

8 Men det er ånda som er i mennesket,

pusten frå Den veldige, som fører til innsikt.

9 Det er ikkje talet på år som gjev visdom,

dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.

10 Difor seier eg: Høyr på meg!

Eg òg vil seia mi meining.


11 For eg venta medan de tala,

lytta etter forstand

medan de leita etter ord.

12 Eg høyrde nøye på dykk,

men ingen har vist at Job tek feil,

ingen har gjeve han svar på tiltale.

13 Sei ikkje: «Vi har funne visdom hos han.

Berre Gud kan vinna over han, ikkje menneske.»

14 For han har enno ikkje retta talen sin til meg,

og eg skal ikkje svara han slik de gjorde.


15 Dei er mållause og svarar ikkje meir,

orda sviktar dei.

16 Skulle eg venta når dei ikkje talar,

når dei berre står der utan svar?

17 Eg òg må ha rett til å tala,

eg òg vil seia mi meining.

18 For eg blir fylt av ord,

ånda i mitt bryst driv meg.

19 Mitt bryst er lik uopna vin,

lik nyfylte skinnsekker som held på å rivna.

20 Eg vil letta trykket ved å tala,

opna leppene og gje svar.

21 Eg gjer ikkje forskjell på folk,

vil ikkje smigra nokon,

22 for smiger veit eg ikkje av.

Elles kunne min skapar snart rykkja meg opp.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.