Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

35

Elihu: Store ord og lite vit

1 Elihu tok igjen til ords og sa:


2 Tenkjer du at dette er rett,

seier du at du er meir rettferdig enn Gud,

3 sidan du spør: «Kva gagnar det meg,

kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»

4 Eg skal svara deg og venene dine:

5 Lyft blikket mot himmelen og sjå,

legg merke til kor høgt skyene er over deg!

6 Kva gjer det vel Gud om du syndar?

Alle dine brot, kva har dei å seia for han?

7 Og er du rettferdig, kva gjev du då han,

kva kan han ta imot frå di hand?

8 Uretten din rammar medmenneska dine,

berre menneske har gagn av rettferda di.


9 Folk skrik under tung undertrykking,

ropar etter hjelp mot dei mektige.

10 Dei spør ikkje: «Kvar er Gud, han som skapte meg,

som lèt lovsong lyda om natta,

11 som lærer oss meir enn dyra på jorda,

gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?»

12 Dei ropar, men får ikkje svar

når dei møter vondskap og overmot.


13 Det er løgn at Gud ikkje høyrer,

at Den veldige ikkje ser.

14 Jamvel når du seier at du ikkje ser han,

ser han di sak, og du må venta på han.

15 Men om no Gud ikkje straffar i vreide

og ikkje bryr seg om store ord,

16 då fer Job med tomt snakk,

skjønar lite, men pratar mykje.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.