Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Klagesongane

Første song

Alef

1

א

1 Einsam sit ho,

den folkerike byen.

Ho har vorte enkje,

den store mellom folka.

Dronninga mellom landa

har vorte slave.


Bet

ב

2 Ho græt om natta,

kinnet er vått av tårer.

Ingen av elskarane

trøystar henne.

Venene har svike,

dei har vorte fiendar.


Gimel

ג

3 Juda drog i eksil

etter naud og slaveri.

Ho bur mellom folka,

finn ikkje kvile.

Dei som jaga, tok henne att

der det var trongast.


Dalet

ד

4 Vegane til Sion sørgjer,

ingen kjem til festane.

Byportane ligg aude,

prestane sukkar.

Ungjentene klagar,

sjølv har ho bitter sorg.


He

ה

5 Motstandarane har vorte herrar,

fienden lever trygt.

Herren har late henne lida

for hennar mange synder.

Fienden dreiv småborna

framfor seg som fangar.


Waw

ו

6 Dotter Sion mista

all si prakt.

Hovdingane hennar likna hjortar

som ikkje finn beite.

Kraftlause gjekk dei

framfor han som jaga.


Zajin

ז

7 Jerusalem minnest, heimlaus, i naud,

fortids prakt.

Folket fall for fiendehand,

ingen hjelpar fanst.

Fienden såg på og lo

medan ho gjekk under.


Het

ח

8 Jerusalem har synda grovt,

difor er ho urein.

Alle som æra henne,

foraktar henne,

dei har sett henne naken.

Ho stønnar og snur seg bort.


Tet

ט

9 Ureinskapen viste på kappa,

ho tenkte ikkje det skulle enda slik.

Djupt sokk ho,

ingen trøysta henne.

Herre, sjå mi naud,

fienden triumferer!


Jod

י

10 Fienden greip

etter skattane hennar.

Ho såg folkeslaga

gå inn i heilagdomen,

dei du nekta å koma

inn i di forsamling.


Kaf

כ

11 Alt folket hennar stønnar

medan dei leitar etter brød.

Dei byter skattar mot mat

for å berga livet.

Sjå, Herre, sjå hit!

Eg er forakta.


Lamed

ל

12 Sjå hit,

de som går forbi på vegen.

Finst det ei smerte som mi,

den som har råka meg?

Den lèt Herren meg lida

på sin brennande vreidedag.


Mem

מ

13 Han sende eld frå det høge,

lét han herja i knoklane mine.

Han sette ut nett for føtene

og lét meg vika tilbake.

Han har gjort meg til ei øydemark,

heile tida er eg sjuk.


Nun

נ

14 Med handa knytte han syndene mine i hop,

dei vart bundne saman til eit åk.

Dei låg over nakken på meg,

og kreftene svikta.

Herren gav meg i hendene

på folk eg ikkje kunne stå meg imot.


Samek

ס

15 Herren vraka

alle mine krigarar.

Han ropa ut for meg ei høgtid

då mine unge menn skulle knusast.

I vinpressa trakka Herren ned

jomfrua, dotter Juda.


Ajin

ע

16 Difor græt eg,

tårene strøymer frå auga.

Den som kan trøysta og berga mitt liv,

er langt borte frå meg.

Borna mine ligg forlatne,

fienden var for sterk.


Pe

פ

17 Sion rette ut hendene,

ingen trøysta henne.

Herren gav påbod om Jakob,

fienden omringa han.

Då vart Jerusalem

urein for dei.


Tsade

צ

18  Herren er rettferdig.

Eg hadde trassa det han sa.

Høyr då på meg, alle folk,

sjå kor eg lid!

Unge jenter og gutar

måtte gå i fangenskap.


Qof

ק

19 Eg ropa på elskarane mine,

dei sveik meg.

Prestane mine og dei eldste

døydde i byen.

Dei leita etter mat

så dei kunne berga livet.


Resj

ר

20 Sjå, Herre, eg er i naud.

Magen er uroleg,

hjartet vrid seg.

For eg var full av trass.

Ute har sverd gjort meg barnlaus,

inne rår døden.


Sjin

ש

21 Dei høyrer at eg sukkar,

ingen trøystar meg.

Alle fiendar høyrer om mi ulukke og gleder seg.

Men det var du som stod bak.

Dagen du ropa ut, lét du koma.

Men det skal gå med dei som med meg.


Taw

ת

22 Du må merka deg

all deira vondskap!

Gjev dei att slik du gav meg att

for alle syndene mine.

For sukkane er mange,

og hjartet mitt er sjukt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.