Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tredje Mosebok

1

Brennofferet

1  Herren ropa på Moses og tala til han frå teltheilagdomen: 2 Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon hos dykk ber fram eit offer for Herren, skal de ta det frå buskapen, anten av storfeet eller av småfeet.

3 Dersom det er eit brennoffer av storfeet, skal han bera fram eit hanndyr utan feil. Han skal ofra det framfor inngangen til teltheilagdomen, så han kan vinna velvilje for Herrens andlet. 4 Han skal leggja handa på hovudet til brennofferet, så det kan takast imot med velvilje og gjera soning for han. 5 Så skal han slakta oksen for Herrens andlet, og Arons søner, prestane, skal bera fram blodet og stenka det rundt om på altaret ved inngangen til teltheilagdomen. 6 Sidan skal han flå brennofferet og dela det opp i stykke. 7 Arons søner, prestane, skal tenna opp eld på altaret og leggja ved på elden. 8 Dei skal leggja ut kjøtstykka, hovudet og feittet på veden som er lagd på altarelden. 9 Innvolane og skankane skal vaskast i vatn, og så skal presten la alt gå opp i røyk på altaret som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.

10 Dersom det er eit brennoffer av småfeet, av sauene eller geitene, skal han ofra eit hanndyr utan feil. 11 Så skal han slakta det for Herrens andlet på nordsida av altaret, og Arons søner, prestane, skal stenka blodet rundt om på altaret. 12 Sidan skal han dela det opp i stykke, også hovudet og feittet, og presten skal leggja alt på veden som er lagd på altarelden. 13 Innvolane og skankane skal vaskast i vatn. Så skal presten bera alt saman fram og la det gå opp i røyk på altaret som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.

14 Dersom brennofferet for Herren er ein fugl, skal han bera fram eit offer av turtelduene eller dueungane. 15 Presten skal bera fuglen fram til altaret, vri av hovudet og la det gå opp i røyk på altaret. Blodet skal pressast ut mot altarveggen. 16 Han skal ta ut kråsen med det som er i han, og kasta han på austsida av altaret, der den feite offeroska ligg. 17 Så skal han kløyva fuglen ved vengene utan å dela han heilt. Presten skal la han gå opp i røyk på altaret, på veden over elden, som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.