Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

11

Jesus lærer læresveinane å be

1 Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, slik Johannes lærte sine læresveinar.» 2 Han svara: «Når de bed, skal de seia:

Far!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

3 Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.

4 Tilgjev oss våre synder,

for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss.

Og lat oss ikkje koma i freisting.»

5 Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød! 6 Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’ 7 Trur de at han då svarar der inne frå: ‘Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.’ 8 Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det for venskap skuld, så står han i det minste opp fordi han er så pågåande, og lèt han få alt han treng.

9 Og eg seier dykk: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. 10 For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.

11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»

Jesu makt over vonde ånder

14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg. 15 Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.» 16 Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

«Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman. 18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene. 19 Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. 20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

24 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’ 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»

27 Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.» 28 Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»

Ei vond ætt krev teikn

29 Då no folket flokka seg om han, tok han atter til orde:

«Denne slekta er ei vond slekt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 30 For slik Jona vart eit teikn for folket i Ninive, slik skal Menneskesonen bli det for denne slekta. 31 Dronninga frå landet i sør skal stå fram ved dommen saman med mennene i denne slekta og dømma dei. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo! 32 Folk frå Ninive skal stå fram ved dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

Lampa og auget

33 Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

34 Auget er kroppens lampe. Når auget ditt er friskt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi det er mørkt i kroppen. 35 Sjå då til at lyset i deg ikkje er mørker! 36 Er no alt i kroppen din lys og ingen del av han mørk, då blir alt lyst, som når ei lampe lyser på deg med strålane sine.»

Mot dei skriftlærde og farisearane

37 Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta heime hos han. Og Jesus gjekk inn og tok plass ved bordet. 38 Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet. 39 Men Herren sa til han:

«Ja, de farisearar, de reingjer utsida av skåler og fat, men på innsida er de griske og fulle av vondskap. 40 Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendig, har ikkje han skapt det som er innvendig òg? 41 Gjev heller det de har i skålene og fata, som gåve til dei fattige. Då blir alt reint for dykk.

42 Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, vinrute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

43 Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogane og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget. 44 Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og ensar det ikkje.»

45 Då tok ein av dei lovkunnige ordet og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»

46 Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De lesser på folk bører som ikkje er til å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger. 47 Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel. 48 Slik er de vitne om det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravminne. 49 Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfølgja. 50 Difor skal denne slekta få svara for blodet frå alle profetane, det som har runne frå verda vart grunnlagd, 51 frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som vart drepen mellom altaret og tempelet. Ja, seier eg dykk, denne slekta skal svara for det. 52 Ve dykk lovkunnige! De har teke bort nøkkelen til kunnskapen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, har de hindra.»

53 Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane rasande og trengde seg inn på han med mange slags spørsmål. 54 Dei vakta på han og prøvde å få han til å seia noko som dei kunne klaga han for.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.