Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

13

Vend om

1 På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. 2 Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? 3 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten. 4 Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem? 5 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.»

Fikentreet som ikkje bar frukt

6 Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. 7 Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ 8 ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; 9 kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten

10 Ein sabbat underviste han i ein av synagogane. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.» 13 Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.

14 Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?» 17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.

Likningane om sennepsfrøet og surdeigen

18 Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med? 19 Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»

20 Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med? 21 Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»

Den tronge døra

22 Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.

23 Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24 «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25 Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26 Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27 Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29 Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30 Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

Jesus og Herodes

31 I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes har tenkt å drepa deg.» 32 Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet. 33 Men i dag og i morgon og endå ein dag må eg vandra vidare, for ein profet kan ikkje mista livet nokon annan stad enn i Jerusalem.

Klage over Jerusalem

34 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 35 Så høyr: Huset dykkar skal bli forlate! Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier:

Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.