Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.
Se overblikksfilm

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

LIKNINGANE OM SAUEN, MYNTEN OG SØNENE (Kap. 15) 15
    Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han.
 2 Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.»  3 Då fortalde han dei denne likninga:
Sauen som vart attfunnen
 4 «Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han?  5 Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine.  6 Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’  7 Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending.
Sølvpengen som vart attfunnen
 8 Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han?  9 Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ 10 På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»
Sonen som kom heim
11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. 14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15 Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. 16 Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.
   
17 Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18 Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ 20 Så braut han opp og gjekk heim til far sin.
        Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.
21 Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ 22 Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. 24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
   
25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på. 27 ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ 28 Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29 Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30 Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ 31 Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. 32 Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

17. mai 2022

Dagens bibelord

Lukas 17,11–19

Les i nettbibelen

11På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» ... Vis hele teksten

11På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» 14Han så dem og sa: «Gå og vis dere for prestene!» Og mens de var på vei dit, ble de rene. 15Men én av dem kom tilbake da han merket at han var blitt frisk. Han lovpriste Gud med høy røst, 16kastet seg ned for Jesu føtter med ansiktet mot jorden og takket ham. Denne mannen var en samaritan. 17Jesus sa: «Ble ikke alle ti rene? Hvor er da de ni? 18Var det ingen andre enn denne fremmede som vendte tilbake for å gi Gud æren?» 19Og han sa til ham: «Reis deg og gå! Din tro har frelst deg.»