Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.
Se overblikksfilm

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Likninga om forvaltaren som handla klokt
16Jesus sa til læresveinane: «Det var ein rik mann som hadde ein forvaltar. Og folk kom til han og sa at denne forvaltaren sløste bort formuen hans.  2 Då kalla han forvaltaren til seg og sa: ‘Kva er det eg høyrer om deg? Legg fram rekneskap for drifta, for du kan ikkje lenger vera forvaltar hos meg.’  3 Mannen tenkte: ‘Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Å grava har eg ikkje krefter til, tigga skjemmest eg ved.  4 Jau, eg veit kva eg må gjera for at folk skal ta imot meg i heimane sine når eg blir avsett.’  5 Så kalla han til seg dei som stod i skuld til herren hans, ein for ein. Til den første sa han: ‘Kor mykje er du skuldig herren min?’  6 ‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’  7 Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren.  8 Herren rosa den uheiderlege forvaltaren fordi han hadde handla klokt. For born av denne verda steller seg klokare med kvarandre enn det born av lyset gjer.
   
 9 Og eg seier dykk: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.
   
10 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort. 11 Er de ikkje tru når det gjeld den uheiderlege Mammon, kven vil då tru på dykk og gje dykk det som verkeleg er verdt noko? 12 Og viser de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?
   
13 Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.»
Lova og Guds rike
14 Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus. 15 Då sa han til dei:
        «De vil gjerne vera rettferdige i menneskeauge, men Gud kjenner hjarta dykkar. Det som menneske set høgt, er ein styggedom i Guds auge.
   
16 Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid er den gode bodskapen om Guds rike forkynt, og alle trengjer på for å koma inn. 17 Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.
   
18 Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
Likninga om den rike mannen og Lasarus
19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår. 21 Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.
   
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han. 24 Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’ 25 Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt. 26 Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’ 27 Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’ 29 Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’ 30 ‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’ 31 Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

14. august 2022

Dagens bibelord

1. Mosebok 33,1–11

Les i nettbibelen

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. ... Vis hele teksten

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10«Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.