Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
Se film

Les mer om BibleProject.
Se overblikksfilm

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Likninga om enkja og dommaren
18Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet:
   
 2 «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.  3 I same byen var det ei enkje. Ho kom gong på gong til han og sa: ‘Hjelp meg i saka med motparten min, så eg kan få min rett.’  4 Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: ‘Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske,  5 vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.’»
   
 6 Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege dommaren seier!  7 Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?  8 Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»
Likninga om farisearen og tollaren
 9 Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
   
10 «To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar. 11 Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. 12 Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’ 13 Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’
   
14 Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»
Jesus og borna
15 Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Læresveinane såg det og ville visa dei bort. 16 Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»
Jesus og den rike mannen
18 Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 19 Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! 20 Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal æra far din og mor di.» 21 Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» 22 Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 23 Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
   
24 Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! 25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26 «Kven kan då bli frelst?» spurde dei som høyrde på. 27 Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.»
   
28 Då sa Peter: «Kva så med oss? Vi har gått ifrå alt vårt og følgt deg.» 29 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld 30 utan at han skal få det att mangedobbelt i den tida som no er, og eit evig liv i den verda som kjem.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att
31 Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. 32 Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, 33 og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.» 34 Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje det han sa.
Den blinde mannen ved Jeriko
35 Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga. 36 Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på. 37 Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.» 38 Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 39 Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 40 Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han: 41 «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet att!» svara han. 42 Jesus sa til han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg.» 43 Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

30. januar 2023

Dagens bibelord

Romerne 9,20–24

Les i nettbibelen

20Men hvem er du, menneske, som tar til motmæle mot Gud? Kan verket si til håndverkeren: «Hvorfor gjorde du meg slik?» 21Bestemmer ikke pottemakeren over leiren, så han av samme leirklump kan lage én krukke til fint bruk og en annen til simplere bruk? ... Vis hele teksten

20Men hvem er du, menneske, som tar til motmæle mot Gud? Kan verket si til håndverkeren: «Hvorfor gjorde du meg slik?» 21Bestemmer ikke pottemakeren over leiren, så han av samme leirklump kan lage én krukke til fint bruk og en annen til simplere bruk? 22Og enda Gud ville vise sin vrede og gjøre sin makt kjent, har han tålmodig båret over med de krukkene som var under vreden, de som var laget for å gå til grunne. 23Han gjorde det for å gjøre kjent hvor rik hans herlighet er for dem som han ville vise godhet, og som var gjort ferdige for herligheten. 24Også oss har han kalt til å være slike krukker, ikke bare blant jødene, men også blant hedningene.

Dagens bibelord

Romarane 9,20–24

Les i nettbibelen

20Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?» 21Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk? ... Vis hele teksten

20Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?» 21Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk? 22Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne. 23Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom. 24Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.

Dagens bibelord

Romarane 9,20–24

Les i nettbibelen

20Gii don leat, olmmošriehpu, gii nágget Ipmiliin? Sáhttágo dat mii lea ráhkaduvvon, dadjat ráhkadeaddjái: “Manne don dahket mu dákkárin?” ... Vis hele teksten

20Gii don leat, olmmošriehpu, gii nágget Ipmiliin? Sáhttágo dat mii lea ráhkaduvvon, dadjat ráhkadeaddjái: “Manne don dahket mu dákkárin?” 21Iigo láirálihttedahkki sáhte hábmet láirrá nugo ieš dáhttu, nu ahte son seammá láirrás ráhkada guokte lihti, nuppi divrras ja nuppi hálbbes lihti? 22Nu maiddái Ipmil lea dahkan, vai beassá čájehit iežas moari ja fámu. Stuorra gierdavašvuođastis son gal sesttii vel daid moari lihtiidge mat ledje ráhkaduvvon duššadeami várás. 23Son divttii iežas nohkameahttun hearvásvuođa boahtit oidnosii dain lihtiin maidda son čájeha váibmoláđisvuođa ja maid son lea gárvvistan hearvásvuhtii. 24Dákkár lihttin son lea rávkan maiddái min, leažžat dal juvddálaččat dahje báhkinat.