Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus blir fødd
2I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.  2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.  3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
   
 4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt  5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.  6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,  7 og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
   
 8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.  9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
          
   
14 «Ære vere Gud i det høgste,
          og fred på jorda
          blant menneske Gud har glede i!»
15 Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20 Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.
Jesus får namn
21 Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.
Jesus blir boren fram i tempelet
22 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. 23 For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren. 24 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.
   
25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, 26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. 27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, 28 tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
          
   
30 For mine auge har sett di frelse,
          
   
31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
          
   
32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»
        
33 Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. 34 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt 35 – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
   
36 Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, 37 og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. 38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
   
39 Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. 40 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.
Jesus som tolvåring i tempelet
41 Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. 42 Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. 43 Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. 44 Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. 45 Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. 46 Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. 47 Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. 48 Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» 49 Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» 50 Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
   
51 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. 52 Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.
Forrige kapittelNeste kapittel

22. januar 2022

Dagens bibelord

Romarane 9,20–24

Les i nettbibelen

20Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?» 21Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk? ... Vis hele teksten

20Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?» 21Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk? 22Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne. 23Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom. 24Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.