Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

Jesu liding og død

Luk Kap. 22–2322

Samansverjing mot Jesus

1 Det nærma seg no høgtida med usyra brød, som dei òg kallar påske. 2 Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne få Jesus drepen, for dei var redde folket.

3 Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv. 4 Han gjekk av stad og tala med overprestane og leiarane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus over til dei. 5 Dei vart glade og lova å gje han pengar. 6 Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.

Det siste måltidet

7 Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast. 8 Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.» 9 «Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei. 10 Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i, 11 og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’ 12 Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.» 13 Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.

Nattverden

14 Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» 17 Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.

21 Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg. 22 Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!» 23 Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

Avskilsord til dei tolv

24 No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største. 25 Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar. 26 Men slik er det ikkje hos dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og leiaren skal vera som ein tenar. 27 For kven er størst, den som er gjest ved bordet, eller den som er tenar? Er det ikkje gjesten? Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.

28 De er dei som har halde ut hos meg i prøvingane mine. 29 Og no overlèt eg riket til dykk, slik som Far min har overlate det til meg: 30 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike og sitja på troner og dømma dei tolv Israel-stammane.

31 Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» 33 «Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.» 34 Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

35 Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pengepung eller veske eller skor, mangla de då noko?» «Nei, ingen ting», svara dei. 36 «Men no», sa han, «må den som har pengepung, ta han med, og like eins den som har veske. Og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. 37 For eg seier dykk at det må oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna blant lovbrytarar. For det som er fastsett om meg, skal no fullendast.» 38 Då sa dei: «Herre, sjå, her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.

I Getsemane

39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han. 40 Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!» 41 Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad: 42 «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!» 43 *Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han. 44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.• 45 Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg. 46 «Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»

Jesus blir teken til fange

47 Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han. 48 Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?» 49 Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?» 50 Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret. 51 Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.

52 Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar. 53 Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som har makta.»

Peter fornektar Jesus

54 Dei tok han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter følgde etter, eit langt stykke bak. 55 Midt inne på gardsplassen var det gjort opp ein eld som dei samla seg rundt. Peter slo seg ned blant dei som sat der. 56 Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.» 57 Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!» 58 Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter. 59 Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.» 60 Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, menneske!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen. 61 Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» 62 Og han gjekk ut og gret sårt.

Jesus for Det høge rådet

63 Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han. 64 Dei batt for auga hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?» 65 Og dei hånte han på mange andre måtar òg.

66 Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet, 67 og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje, 68 og om eg spør, svarar de ikkje. 69 Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.» 70 Då spurde dei alle: «Så er du altså Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.» 71 Då sa dei: «Kva skal vi no med vitneutsegner? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.