FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

24

Jesus står opp

1 Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. 2 Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. 3 Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. 4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. 5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? 6 Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: 7 ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» 8 Då kom dei i hug orda hans. 9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. 10 Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. 11 Men dei tenkte det var laust snakk, og trudde dei ikkje. 12 Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.

Jesus syner seg for Emmaus-vandrarane

13 Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem, 14 og dei snakka om alt det som hadde hendt. 15 Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. 16 Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att. 17 «Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg. 18 Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.» 19 «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. 20 Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han. 21 Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende, 22 og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava 23 og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. 24 Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»

25 Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26 Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» 27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.

28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare. 29 Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver hos oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei. 32 Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?» 33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34 og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.» 35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

Jesus syner seg for læresveinane

36 Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 37 Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar? 39 Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 40 *Så viste han dei hendene og føtene sine.• 41 Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?» 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på.

Oppdrag og avskil

44 Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.» 45 Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, 46 og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47 og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48 De er vitne om dette. 49 Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»

50 Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51 Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. 52 Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 53 Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.