Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

7

Offiseren i Kapernaum

1 Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum. 2 Ein offiser der i byen hadde ein tenar som han sette svært høgt. Denne tenaren var så sjuk at det stod om livet. 3 Då offiseren fekk høyra om Jesus, sende han nokre av dei jødiske eldste til han; dei skulle be han koma og berga livet til tenaren. 4 Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han fortener at du gjer dette for han. 5 For han elskar folket vårt, og det er han som har bygd synagogen vår.» 6 Og Jesus gjekk med dei.

Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak 7 – difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. 8 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.» 9 Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som følgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne ei slik tru.» 10 Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.

Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain

11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!» 14 Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16 Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.» 17 Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

Jesus svarar døyparen Johannes

18 Johannes fekk høyra om alt dette av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg 19 og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 20 Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 21 Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og han gav mange blinde synet. 22 Og han svara: «Gå og fortel Johannes kva de har sett og høyrt:

Blinde ser, lamme går,

spedalske blir reine, og døve høyrer,

døde står opp, og evangeliet blir forkynt for fattige.

23 Og sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

Jesus vitnar om Johannes

24 Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? 25 Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine. 26 Men kva gjekk de ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 27 Det er om han dette står skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydda vegen for deg.

28 Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han.

29 Alt folket, og tollarane med, lydde og gav Gud rett og lét seg døypa med Johannes-dåpen. 30 Men farisearane og dei lovkunnige viste Guds plan frå seg og lét seg ikkje døypa av han.

31 Menneska i denne slekta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like? 32 Dei liknar born som sit på torget og ropar til kvarandre:

‘Vi spela på fløyte for dykk,

men de ville ikkje dansa.

Vi song klagesongar,

men de ville ikkje gråta.’

33 For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ 34 Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ 35 Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle borna hennar.»

Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne

36 Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. 37 No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve. 38 Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven. 39 Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

40 Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tal, meister», svara han. 41 Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. 42 Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» 43 «Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus. 44 Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt. 45 Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. 46 Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve. 47 Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» 48 Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» 49 Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» 50 Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.