Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

1

Føreordet frå evangelisten

1 Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss, 2 slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet. 3 No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av, 4 så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.

Barndomen til døyparen Johannes og Jesus

Luk 1,5–2,40

Døyparen Johannes skal bli fødd

5 I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet. 6 Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter. 7 Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.

8 Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift. 9 Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret. 10 Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad. 11 Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret. 12 Sakarja vart slegen av redsle då han såg dette. 13 Men engelen sa til han:

«Ver ikkje redd, Sakarja!

Bøna di har vorte høyrd.

Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,

og du skal gje han namnet Johannes.

14 Han skal bli til glede og fryd for deg,

og mange skal gleda seg fordi han er fødd.

15 For han skal vera stor i Herrens auge.

Han skal ikkje drikka vin og sterk drikk,

og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.

16 Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.

17 Han skal gå føre Herren

med same ånd og kraft som Elia hadde,

for å venda fedrehjarta til borna

og gje ulydige det sinn som rettferdige har,

for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»

18 Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gammal mann, og kona mi er òg langt oppi åra.» 19 Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen. 20 No skal du bli stum og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For du trudde ikkje orda mine. Men det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»

21 Imedan stod folket og venta på Sakarja og undra seg over at han vart verande så lenge i tempelet. 22 Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.

23 Då tenestetida hans var ute, fór han heim att. 24 Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader. 25 «Dette har Herren gjort for meg», sa ho. «No har han sett til meg og teke bort mi vanære blant folk.»

Bodskapen til Maria

26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,

og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.

Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,

og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.

Difor skal òg barnet som blir fødd,

vera heilagt og kallast Guds Son.

36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Maria og Elisabet

39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.» 46 Då sa Maria:

Marias lovsong

«Mi sjel høglovar Herren,

47 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.


48 For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.

Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,


49 for store ting har han gjort mot meg,

han, den mektige; heilagt er hans namn.


50 Frå slekt til slekt varer hans miskunn

over dei som ottast han.


51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.


52 Han støytte stormenn ned frå trona

og lyfte opp dei låge.


53 Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte frå seg.


54 Han tok seg av Israel, sin tenar,

og kom i hug si miskunn


55 slik han lova våre fedrar,

Abraham og hans ætt, til evig tid.»


56 Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.

Johannes blir fødd

57 Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son. 58 Naboane og slektningane hennar fekk høyra at Herren hadde vist henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.

59 Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren, 60 men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.» 61 «Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei. 62 Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita. 63 Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg, 64 men i det same vart munnen hans opna og tunga løyst. Han tala og prisa Gud. 65 Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt. 66 Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han. 67 Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:

Sakarjas lovsong

68 «Velsigna er Herren, Israels Gud,

for han såg til sitt folk og har løyst det.


69 Han har reist for oss eit horn til frelse

i sin tenar Davids hus,


70 så som han lova frå gammal tid

ved munnen til sine heilage profetar:


71 å frelsa oss frå våre fiendar

og frå handa åt alle dei som hatar oss.


72 Han viste miskunn mot våre fedrar

og kom i hug den heilage pakta,


73 den eid han gav som lovnad

til Abraham, vår far,


74 så vi, frelste frå fiendehand og utan otte,

kan tena han for hans andlet

75 i reinleik og rettferd alle våre dagar.


76 Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,

for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar


77 og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,

78 for vår Gud er rik på miskunn.


Slik skal lyset frå det høge

gjesta oss som ein soloppgang


79 og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,

og styra våre føter inn på fredens veg.»


80 Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.