Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus og sabbaten
12På den tid tok Jesus vegen langsmed kornåkrane på sabbaten. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.  2 Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, læresveinane dine gjer noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!»  3 Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han svalt, både han og mennene hans?  4 Han gjekk inn i Guds hus, og dei åt skodebrøda, som verken han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.  5 Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat bryt sabbaten i tempelet og likevel er utan skuld?  6 Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn tempelet!  7 Hadde de skjøna kva som ligg i dette ordet: ‘ Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer’, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.  8 For Menneskesonen er herre over sabbaten.»
   
 9 Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira. 10 Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for. 11 Han svara: «Om ein av dykk har ein einaste sau, og sauen dett i ei grøft på sabbaten, vil han ikkje då ta tak i sauen og dra han opp? 12 Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Difor er det tillate å gjera godt på sabbaten.» 13 Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Han så gjorde, og handa vart god, like frisk som den andre. 14 Men farisearane gjekk ut og la planar mot han for å ta livet av han. 15 Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå.
Jesus, Herrens tenar
Store flokkar følgde han, og han lækte dei alle. 16 Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera kjent kven han var, 17 så det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
          
   
18  Sjå, min tenar som eg har valt ut,
           han som eg elskar, i han har eg mi glede.
           Eg vil leggja min Ande på han,
           han skal kunngjera retten for folkeslaga.
          
   
19  Han skal ikkje tretta og ikkje ropa,
           og ingen skal høyra hans røyst i gatene.
          
   
20  Han skal ikkje bryta eit knekt siv
           og ikkje sløkkja ein rykande veike
           før han har ført retten fram til siger.
          
   
21  Og til hans namn skal folkeslaga setja si von.
Jesu makt over vonde ånder
22 Sidan kom dei til han med ein som hadde ei vond ånd og var blind og stum. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davidssonen?» 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande? 27 Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk. 29 Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
   
31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som seier mot Den heilage ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
Treet og fruktene
33 Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.
   
34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen. 35 Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.
   
36 Det seier eg dykk: Kvart unyttig ord som folk seier, skal dei svara for på dommedag. 37 For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.»
Ei vond ætt krev teikn
38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til orde og sa: «Meister, vi vil sjå deg gjera eit teikn.» 39 Han svara: «Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40 For slik profeten Jona var i buken på den store fisken i tre dagar og tre netter, slik skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jorddjupet. 41 Folk frå Ninive skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona! 42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!
   
43 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. 44 Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå.’ Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og pynta. 45 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første. Slik kjem det òg til å gå med denne vonde slekta.»
Jesu sanne familie
46 Medan han heldt på og tala til folket, kom mor hans og syskena hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne snakka med han. 47 *Då var det ein som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil snakka med deg.»• 48 Jesus svara han: «Kven er mor mi, og kven er syskena mine?» 49 Så rette han ut handa mot læresveinane sine og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! 50 For den som gjer det Far min i himmelen vil, er bror min, syster mi og mor mi.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

08. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Trøst, trøst mitt folk, sier deres Gud. 2Tal til Jerusalems hjerte og rop til henne at hennes strid er fullført, at hennes skyld er betalt, at hun har fått dobbelt fra Herrens hånd for alle sine synder. ... Vis hele teksten

1Trøst, trøst mitt folk, sier deres Gud. 2Tal til Jerusalems hjerte og rop til henne at hennes strid er fullført, at hennes skyld er betalt, at hun har fått dobbelt fra Herrens hånd for alle sine synder. 3En røst roper: Rydd Herrens vei i ørkenen, jevn ut en vei i ødemarken for vår Gud! 4Hver dal skal heves, hvert fjell og hver haug skal senkes. Bakket land skal bli til slette og kollene til flat mark. 5Herrens herlighet skal åpenbare seg, alle mennesker skal sammen se det. For Herrens munn har talt.

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. 2Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder. ... Vis hele teksten

1Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. 2Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder. 3Ei røyst ropar: Rydd Herrens veg i ørkenen, jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud! 4Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast. Bakkete land skal bli til slette og kollane til flat mark. 5Herrens herlegdom skal openberra seg, alle menneske skal saman sjå det. For Herrens munn har tala.

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Jeđđejehket, jeđđejehket mu álbmoga, cealká din Ipmil. 2Sárdnot ustitlaččat Jerusalemii, muitalehket dasa ahte dan šlávvavuohta lea nohkan, ahte dan vealgi lea máksojuvvon, ahte Hearrá lea ráŋggáštan dan guovttegeardásaččat buot dan suttuid dihte. ... Vis hele teksten

1Jeđđejehket, jeđđejehket mu álbmoga, cealká din Ipmil. 2Sárdnot ustitlaččat Jerusalemii, muitalehket dasa ahte dan šlávvavuohta lea nohkan, ahte dan vealgi lea máksojuvvon, ahte Hearrá lea ráŋggáštan dan guovttegeardásaččat buot dan suttuid dihte. 3Jietna čuorvu: Ráhkadehket Hearrái geainnu meahccái, dássejehket ávdin eatnamii geainnu min Ipmilii! 4Leagit bajiduvvojit, várit ja dievát vuoliduvvojit. Luohkkás eatnamat šaddet jalgadassan, ráhpes báikkit duolba eanamin. 5Hearrá hearvásvuohta almmustuvvá, ja buohkat ožžot oaidnit dan. Ná Hearrá lea sárdnon.