Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

LIKNINGAR OM HIMMELRIKET (13,1–52)
Såmannen
13    Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nede ved sjøen.  2 Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat der, medan alt folket stod på stranda.  3 Så tala han til dei i mange likningar og sa:
        «Ein såmann gjekk ut for å så.
 4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.  5 Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.  6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.  8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.  9 Den som har øyre, høyr!»
Kvifor Jesus talar i likningar
10 Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?» 11 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre. 12 For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har. 13 Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje. 14 På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja:
           De skal høyra og høyra, men ikkje forstå,
           sjå og sjå, men ikkje skilja!
          
   
15  For hjartet til dette folket har vorte feitt;
           tungt høyrer dei med øyra,
           og auga har dei late att,
           så dei ikkje kan sjå med auga
           eller høyra med øyra
           eller skjøna med hjartet
           og venda om,
           så eg får lækja dei.
16 Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer. 17 Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.
Jesus forklarar likninga om såmannen
18 Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen. 20 Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde. 23 Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»
Ugraset i kveiten
24 Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. 25 Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. 26 Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. 27 Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ 28 ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. 29 ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. 30 Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
Sennepsfrøet
31 Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin. 32 Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det
Surdeigen
33 Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.»
Jesus talar til folket i likningar
34 Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar. 35 Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:
           Eg vil opna munnen og tala i likningar,
           bera fram det som har vore løynt
           frå verda vart grunnlagd.

Jesus forklarar likninga om ugraset
36 Så tok Jesus farvel med folket og gjekk inn. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!» 37 Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. 38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde. 39 Fienden som sådde ugraset, er djevelen. Innhaustinga er enden på verda, dei som haustar inn, er englane. 40 Og slik som ugraset blir sanka saman og brent på elden, slik skal det gå når enden på verda kjem: 41 Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut av riket hans alt som fører til fall, og alle som gjer urett, 42 og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner. 43 Då skal dei rettferdige skina som sola i sin Fars rike. Den som har øyre, høyr!
Skatten og perla
44 Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.
   
45 Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler. 46 Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.
Fiskenota
47 Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag. 48 Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut. 49 Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige 50 og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.
   
51 Har de skjøna alt dette?» «Ja», svara dei. 52 Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har vorte læresvein av himmelriket, lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.»
Jesus blir avvist på heimstaden
53 Då Jesus var ferdig med å fortelja desse likningane, drog han derifrå 54 og kom til heimstaden sin. Der underviste han folket i synagogen deira så dei vart fulle av undring og spurde: «Kvar har han denne visdomen og desse mektige gjerningane frå? 55 Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria? Er ikkje brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas? 56 Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han så alt dette frå?» 57 Dei vart forarga og avviste han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.» 58 Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der fordi dei var så vantruande.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

08. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Trøst, trøst mitt folk, sier deres Gud. 2Tal til Jerusalems hjerte og rop til henne at hennes strid er fullført, at hennes skyld er betalt, at hun har fått dobbelt fra Herrens hånd for alle sine synder. ... Vis hele teksten

1Trøst, trøst mitt folk, sier deres Gud. 2Tal til Jerusalems hjerte og rop til henne at hennes strid er fullført, at hennes skyld er betalt, at hun har fått dobbelt fra Herrens hånd for alle sine synder. 3En røst roper: Rydd Herrens vei i ørkenen, jevn ut en vei i ødemarken for vår Gud! 4Hver dal skal heves, hvert fjell og hver haug skal senkes. Bakket land skal bli til slette og kollene til flat mark. 5Herrens herlighet skal åpenbare seg, alle mennesker skal sammen se det. For Herrens munn har talt.

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. 2Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder. ... Vis hele teksten

1Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. 2Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder. 3Ei røyst ropar: Rydd Herrens veg i ørkenen, jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud! 4Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast. Bakkete land skal bli til slette og kollane til flat mark. 5Herrens herlegdom skal openberra seg, alle menneske skal saman sjå det. For Herrens munn har tala.

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Jeđđejehket, jeđđejehket mu álbmoga, cealká din Ipmil. 2Sárdnot ustitlaččat Jerusalemii, muitalehket dasa ahte dan šlávvavuohta lea nohkan, ahte dan vealgi lea máksojuvvon, ahte Hearrá lea ráŋggáštan dan guovttegeardásaččat buot dan suttuid dihte. ... Vis hele teksten

1Jeđđejehket, jeđđejehket mu álbmoga, cealká din Ipmil. 2Sárdnot ustitlaččat Jerusalemii, muitalehket dasa ahte dan šlávvavuohta lea nohkan, ahte dan vealgi lea máksojuvvon, ahte Hearrá lea ráŋggáštan dan guovttegeardásaččat buot dan suttuid dihte. 3Jietna čuorvu: Ráhkadehket Hearrái geainnu meahccái, dássejehket ávdin eatnamii geainnu min Ipmilii! 4Leagit bajiduvvojit, várit ja dievát vuoliduvvojit. Luohkkás eatnamat šaddet jalgadassan, ráhpes báikkit duolba eanamin. 5Hearrá hearvásvuohta almmustuvvá, ja buohkat ožžot oaidnit dan. Ná Hearrá lea sárdnon.