Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Menneskebod og Guds bod
15Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:  2 «Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»  3 «Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?  4 For Gud har sagt: ‘ Æra far din og mor di’ og: ‘ Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.  5 Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet,  6 han treng ikkje heidra far sin *eller mor si•.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.  7 De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:
          
   
 8  Dette folket ærar meg med leppene,
           men hjartet er langt borte frå meg.
          
   
 9  Dei dyrkar meg fåfengt,
           for det dei lærer, er menneskebod.»
10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå! 11 Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
   
12 Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?» 13 Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot. 14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
   
15 Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.» 16 «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus. 17 «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal? 18 Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint. 19 For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott. 20 Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»
Den kanaaneiske kvinna
21 Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. 22 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» 23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» 25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» 26 Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 27 «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» 28 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.
Mange blir lækte
29 Då Jesus drog derifrå, tok han vegen langs Galileasjøen, og han gjekk opp i fjellet og sette seg der. 30 Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei. 31 Folket undra seg då dei såg stumme tala, uføre bli friske, lamme gå og blinde sjå. Og dei lova Israels Gud.
Jesus mettar fire tusen
32 Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.» 33 Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?» 34 «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.» 35 Då bad han folket setja seg på marka. 36 Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket. 37 Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger. 38 Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born. 39 Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til området ved Magadan.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

03. juli 2022

Dagens bibelord

Matteus 9,35–38

Les i nettbibelen

35Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. ... Vis hele teksten

35Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. 36Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»