FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Evangeliet etter Matteus

Jesu liding og død

Matt Kap. 26–2726

Samansverjing mot Jesus

1 Då Jesus var ferdig med heile denne talen, sa han til læresveinane: 2 «De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»

3 Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas, 4 og vart samde om å gripa Jesus med list og slå han i hel. 5 «Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»

Jesus blir salva i Betania

6 Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske, 7 kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords. 8 Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til? 9 Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.» 10 Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11 Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. 12 Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi. 13 Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

Judas gjer avtale om å svika Jesus

14 Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane 15 og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han. 16 Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

Det siste måltidet

17 Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» 18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» 19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.

20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. 21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23 Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. 24 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» 25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.

Nattverden

26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» 27 Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»

Jesus seier at Peter kjem til å fornekta han

30 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 31 Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive:

Eg skal slå gjetaren,

og sauene skal spreiast.

32 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» 33 Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.» 34 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» 35 Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane.

I Getsemane

36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

Jesus blir teken til fange

47 Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!» 49 Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. 50 Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

51 Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han. 52 Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd. 53 Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar? 54 Men korleis kunne då skriftene bli oppfylte, dei som seier at dette må henda?» 55 I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. 56 Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.»

Då forlét alle læresveinane han og rømde.

Jesus for Det høge rådet

57 Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg. 58 Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene for å sjå korleis det kom til å enda.

59 Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. 60 Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to 61 som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’» 62 Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?» 63 Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?» 64 Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.» 65 Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga. 66 Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.» 67 Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet 68 og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?»

Peter fornektar Jesus

69 Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.» 70 Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.» 71 Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.» 72 Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!» 73 Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.» 74 Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen. 75 Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.