Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittel

Jesus står opp
28Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.  2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han.  3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.  4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.  5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste.  6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!  7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
   
 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.  9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
Eit rykte mellom jødane
11 Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt. 12 Overprestane og dei eldste kom då saman og la planar. Så gav dei soldatane mykje pengar 13 og sa til dei: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov. 14 Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi snakka med han, så de kan vera trygge.» 15 Dei tok imot pengane og gjorde slik som det var sagt dei. Slik vart dette ryktet spreidd mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.
Misjonsbodet
16 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»
< Forrige kapittel

16. august 2022

Dagens bibelord

Romarane 9,1–5

Les i nettbibelen

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. ... Vis hele teksten

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.