Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

FØREBUINGA TIL JESU GJERNING (3,1–4,11)
Døyparen Johannes står fram
3    På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea.  2 Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»  3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:
           Ei røyst ropar i øydemarka:
          « Rydd Herrens veg,
           gjer stigane hans rette!»
 4 Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.  5 Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.  6 Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
   
 7 Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?  8 Ber då frukt som viser at de er omvende!  9 Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
   
11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 12 Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Jesus blir døypt
13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. januar 2023

Dagens bibelord

Lukas 17,11–19

Les i nettbibelen

11På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» ... Vis hele teksten

11På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» 14Han så dem og sa: «Gå og vis dere for prestene!» Og mens de var på vei dit, ble de rene. 15Men én av dem kom tilbake da han merket at han var blitt frisk. Han lovpriste Gud med høy røst, 16kastet seg ned for Jesu føtter med ansiktet mot jorden og takket ham. Denne mannen var en samaritan. 17Jesus sa: «Ble ikke alle ti rene? Hvor er da de ni? 18Var det ingen andre enn denne fremmede som vendte tilbake for å gi Gud æren?» 19Og han sa til ham: «Reis deg og gå! Din tro har frelst deg.»

Dagens bibelord

Lukas 17,11–19

Les i nettbibelen

11Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

11Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, 16kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» 19Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

Dagens bibelord

Lukas 17,11–19

Les i nettbibelen

11Go Jesus lei vádjoleamen Jerusalema guvlui, de son manai Samaria ja Galilea rádjeguovlluid bokte. 12Go son lei mannamin muhtun gillái, de su ovddal bohte logi spihtálačča. Sii bisánedje dobbelii 13ja čurvo: “Jesus, oahpaheaddji, árpmit min!” ... Vis hele teksten

11Go Jesus lei vádjoleamen Jerusalema guvlui, de son manai Samaria ja Galilea rádjeguovlluid bokte. 12Go son lei mannamin muhtun gillái, de su ovddal bohte logi spihtálačča. Sii bisánedje dobbelii 13ja čurvo: “Jesus, oahpaheaddji, árpmit min!” 14Go Jesus oinnii sin, de son celkkii: “Mannet čájehit iežadet báhpaide.” Go sii ledje mannamin, de sii buhtásmuvve. 15Go okta sis oinnii ahte lea buorránan, de son jorggihii ruoktot. Son máinnui Ipmila alla jienain, 16luoitádii Jesusa julggiid ovdii ja giitalii su. Dát olmmái lei samarialaš. 17Jesus jearai: “Eaigo buot logis buhtásmuvvan? Gos dat ovccis leat? 18Dušše dát vieris olmmošgo máhcai rámidit Ipmila?” 19Ja son celkkii olbmái: “Čuožžil ja mana. Du osku lea beastán du.”