Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

FØREBUINGA TIL JESU GJERNING (3,1–4,11)
Døyparen Johannes står fram
3    På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea.  2 Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»  3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:
           Ei røyst ropar i øydemarka:
          « Rydd Herrens veg,
           gjer stigane hans rette!»
 4 Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.  5 Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.  6 Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
   
 7 Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?  8 Ber då frukt som viser at de er omvende!  9 Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
   
11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 12 Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Jesus blir døypt
13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

19. mai 2022

Dagens bibelord

Daniel 9,17–19

Les i nettbibelen

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. ... Vis hele teksten

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. 18Min Gud, vend øret hit og hør! Åpne dine øyne og se våre ruiner og byen som ditt navn er nevnt over. For det er ikke i tillit til våre rettferdige gjerninger at vi kommer fram for ditt ansikt med våre rop om nåde, det er i tillit til din store barmhjertighet. 19Hør, Herre! Tilgi, Herre! Lytt og grip inn, drøy ikke – for din egen skyld, min Gud! For ditt navn er nevnt over byen din og folket ditt.»