FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Evangeliet etter Matteus

6

Gåver til dei fattige

1 Ta dykk i vare så de ikkje gjer dei fromme gjerningane dykkar for auga på folk, for at dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hos Far dykkar i himmelen. 2 Når du gjev ei gåve til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. 3 Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer. 4 Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

Bøn

5 Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

6 Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.

Herrens bøn

7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9 Slik skal de be:

Vår Far i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

10 Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

11 Gjev oss i dag vårt daglege brød,

12 og tilgjev oss vår skuld,

slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

13 Og lat oss ikkje koma i freisting,

men frels oss frå det vonde.

*For riket er ditt og makta og æra i all æve.

Amen.•

14 For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.

Faste

16 Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

17 Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, 18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

Eit heilt hjarte

19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

22 Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. 23 Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!

24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Ver ikkje urolege for morgondagen

25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ 32 For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.