Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Døm ikkje
7Døm ikkje, så de ikkje sjølve skal bli dømde!  2 Etter dommen de dømmer med, skal de sjølve dømmast, og i det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk.
   
 3 Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?  4 Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige?  5 Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge! Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
Perler til svin
 6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perler til svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.
Be, så skal de få
 7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.
   
 9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Den gylne regelen
12 Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.
Dei to vegane
13 Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er porten og brei er vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. 14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.
Dei falske profetane
15 Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. 16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar? 17 Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt. 19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden. 20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.
Falske læresveinar
21 Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22 Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23 Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!
Huset bygd på fjell
24 Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
   
26 Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.»
   
28 Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29 For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

03. juli 2022

Dagens bibelord

Matteus 9,35–38

Les i nettbibelen

35Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. ... Vis hele teksten

35Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. 36Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»