Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Den lamme mannen
9Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.  2 Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne.»  3 Men nokre av dei skriftlærde sa med seg sjølve: «Denne mannen spottar Gud.»  4 Jesus såg kva dei tenkte, og sa: «Kvifor går de med så vonde tankar i hjartet?  5 Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?  6 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lamme: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»  7 Då reiste mannen seg og gjekk heim.  8 Men då folket såg det, vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud som hadde gjeve menneske slik makt.
Jesus kallar Matteus
 9 Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
   
10 Sidan var Jesus gjest i huset hans. Det kom òg mange tollarar og syndarar og var saman med Jesus og læresveinane hans til bords. 11 Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?» 12 Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke. 13 Gå og lær kva som ligg i dette ordet:
           Det er miskunn eg vil ha,
           ikkje offer.
Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

Fest og faste
14 Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Kvifor fastar ikkje læresveinane dine, medan vi og farisearane fastar ofte?» 15 «Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!
   
16 Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større. 17 Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe
18 Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.» 19 Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.
   
20 No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans. 21 For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.» 22 Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.
   
23 Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han: 24 «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han. 25 Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp. 26 Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.
To blinde og ein stum
27 Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!» 28 Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei. 29 Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.» 30 Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.» 31 Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.
   
32 Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd. 33 Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!» 34 Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
APOSTLANE OG OPPGÅVA DEIRA (9,35–10,42)
Grøda er stor
35     Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. 36 Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38 Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. november 2022

Dagens bibelord

Jesaja 12,1–6

Les i nettbibelen

1Den dagen skal du si: Jeg takker deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøstet meg. 2Se, Gud er min frelse, jeg er trygg og frykter ikke. For Herren er min styrke og min sang, og han er blitt min frelse. ... Vis hele teksten

1Den dagen skal du si: Jeg takker deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøstet meg. 2Se, Gud er min frelse, jeg er trygg og frykter ikke. For Herren er min styrke og min sang, og han er blitt min frelse. 3Med glede skal dere øse vann av frelsens kilder. 4Den dagen skal dere si: Lovpris Herren, påkall hans navn! Gjør hans gjerninger kjent blant folkene, forkynn at hans navn er opphøyd! 5Syng for Herren, for han har gjort storverk, gjør dette kjent over hele jorden! 6Rop høyt i jubel, dere som bor på Sion! For Israels Hellige er stor, han er midt iblant dere.

Dagens bibelord

Jesaja 12,1–6

Les i nettbibelen

1Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøysta meg. 2Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje. For Herren er min styrke og min song, og han har vorte mi frelse. ... Vis hele teksten

1Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre! For du var harm på meg, men harmen snudde, og du trøysta meg. 2Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje. For Herren er min styrke og min song, og han har vorte mi frelse. 3Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse. 4Den dagen skal de seia: Lovpris Herren, kall på hans namn! Gjer gjerningane hans kjende mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt! 5Syng for Herren, for han har gjort storverk, gjer dette kjent over heile jorda! 6Rop høgt i jubel, de som bur på Sion! For Israels Heilage er stor, han er midt iblant dykk.

Dagens bibelord

Jesaja 12,1–6

Les i nettbibelen

1Dan beaivvi don dajat: “Mun máinnun du, Hearrá. Don ledjet suhttan munnje, muhto du moarri soaččui, ja don jeđđejit mu. 2Ja nu Ipmil lea mu bestojupmi, mun lean oadjebas inge bala. Hearrá lea mu fápmu ja mu suodji, son besttii mu.” ... Vis hele teksten

1Dan beaivvi don dajat: “Mun máinnun du, Hearrá. Don ledjet suhttan munnje, muhto du moarri soaččui, ja don jeđđejit mu. 2Ja nu Ipmil lea mu bestojupmi, mun lean oadjebas inge bala. Hearrá lea mu fápmu ja mu suodji, son besttii mu.” 3Ilus dii goaivubehtet čázi bestojumi ádjagiin. 4Dan beaivvi dii dadjabehtet: Máidnot Hearrá, rávket su nama, muitalehket álbmogiidda su daguid, gulahehket su aliduvvon nama! 5Rámidehket Hearrá, son lea dahkan stuorra daguid, almmuhehket daid miehtá eatnama! 6Čurvot ávus, dii geat ássabehtet Sionis, danin go stuoris din gaskkas lea Israela Bassi.