Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

JESUS TALAR OM TIDENE SOM SKAL KOMA (Kap. 13)
Tempelet skal øydeleggjast
13    Då Jesus var på veg ut frå tempelet, sa ein av læresveinane til han: «Sjå, meister, for nokre steinar og byggverk!»  2 Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»
Trengselstida tek til
 3 Då han sat på Oljeberget midt imot tempelet og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han:  4 «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på at alt dette skal fullendast?»
   
 5 Jesus tok til orde og sa til dei: «Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill!  6 Mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg!’ Og dei skal føra mange på villspor.  7 Når de høyrer om krig og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skremma! Dette må henda, men enno er ikkje enden komen.  8 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv på stad etter stad, og hungersnaud. Dette er byrjinga på fødselsriene.
   
 9 Men ta dykk i vare! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane, og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar, så de kan vitna for dei. 10 Og evangeliet må først forkynnast for alle folkeslag. 11 Men når dei arresterer dykk og fører dykk for retten, så ver ikkje på førehand urolege for kva de skal seia, men sei det som blir gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den heilage ande. 12 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra og senda dei i døden. 13 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.
Den store trengsla
14 Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells, 15 den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko, 16 og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si. 17 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 18 Og be om at det ikkje må henda om vinteren! 19 For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli. 20 Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.
   
21 Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Sjå, der er han’, så tru det ikkje! 22 For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera teikn og under for å føra dei utvalde vill, om dei kan. 23 Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.
Når Menneskesonen kjem
24 Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal
           sola formørkjast
           og månen mista sitt lys.
          
   
25  Stjernene skal falla frå himmelen
           og kreftene i himmelrommet bli rokka.
26 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. 27 Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå dei fire verdshjørna, frå den ytste enden av jorda til den ytste enden av himmelen.
Lær av fikentreet
28 Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 29 Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser at dette hender. 30 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 31 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 32 Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Vakne tenarar
33 Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne. 34 Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka. 35 Så vak då! For de veit ikkje kva tid husherren kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn. 36 Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. 37 Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

25. juni 2022

Dagens bibelord

Johannes 1,35–46

Les i nettbibelen

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. ... Vis hele teksten

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39«Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen. 40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. 43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.