Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Markus

Jesu liding og død

Mark Kap. 14–1514

Samansverjing mot Jesus

1 No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel. 2 «Det må ikkje gjerast under høgtida», sa dei, «for då kan det bli uro i folket.»

Jesus blir salva i Betania

3 Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans. 4 Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik sløsing med salve tena til? 5 Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala strengt til henne. 6 Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 7 Dei fattige har de alltid hos dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil, men meg har de ikkje alltid. 8 Ho gjorde det ho kunne. Ho har på førehand salva kroppen min til gravferda. 9 Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

Judas byd seg til å svika Jesus

10 Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus over til dei. 11 Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

Det siste måltidet

12 Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?» 13 Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja, 14 og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’ 15 Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.» 16 Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.

17 Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv. 18 Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et i lag med meg.» 19 Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?» 20 Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg. 21 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»

Nattverden

22 Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.» 23 Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det. 24 Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange. 25 Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»

Jesus seier at Peter kjem til å fornekta han

26 Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 27 Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive:

Eg skal slå gjetaren,

og sauene skal spreiast.

28 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» 29 Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!» 30 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» 31 Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.

I Getsemane

32 Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!» 33 Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru 34 og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!» 35 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd. 36 «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 37 Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time? 38 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 39 Så gjekk han bort att og bad med dei same orda. 40 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han. 41 Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 42 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

Jesus blir teken til fange

43 I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste. 44 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.» 45 Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han. 46 Så la dei hand på han og tok han til fange. 47 Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han. 48 Men Jesus sa til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. 49 Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.» 50 Då forlét alle Jesus og rømde bort.

51 Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han, 52 men han sleppte linkledet og rømde naken.

Jesus for Det høge rådet

53 Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde. 54 Men Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen hos øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.

55 Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han. 56 Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje. 57 Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa: 58 «Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’» 59 Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane. 60 Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?» 61 Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?» 62 Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene.» 63 Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne? 64 De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle felte den dommen at han var skuldig til å døy.

65 Då tok somme til å spytta på han, og dei batt for auga hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene gjekk laus på han med piskeslag.

Peter fornektar Jesus

66 Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene hos øvstepresten. 67 Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne Jesus frå Nasaret.» 68 Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. *Då gol hanen.• 69 Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.» 70 Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.» 71 Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.» 72 Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.