Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Markus

15

Jesus for Pilatus

1 Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.

2 Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus. 3 Overprestane kom no med mange skuldingar mot han. 4 Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.» 5 Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.

6 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om. 7 Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på. 8 Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane. 9 Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?» 10 For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han. 11 Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri. 12 Då tok Pilatus til orde att og sa: «Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?» 13 «Krossfest han!» skreik dei tilbake. 14 «Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!» 15 Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.

Soldatane spottar Jesus

16 Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken. 17 Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans. 18 Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!» 19 Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. 20 Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.

Jesus blir krossfest

Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han. 21 Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene. 22 Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden. 23 Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. 24 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha. 25 Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han. 26 Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».

27 Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28 *Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.29 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! 30 Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 31 Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

Jesus døyr

33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen. 34 Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:

«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»

Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.» 37 Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. 39 Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!»

40 Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses. 41 Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

Jesus blir gravlagd

42 Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. 43 Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp. 44 Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge. 45 Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket. 46 Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga. 47 Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.