Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Den lamme mannen
2Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime.  2 Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.  3 Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han.  4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.  5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
   
 6 No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet:  7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?»  8 Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet?  9 Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’? 10 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme – 11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 12 Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»
Jesus kallar Levi
13 Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei. 14 Då han gjekk vidare, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
   
15 Sidan var Jesus gjest i huset hans, og mange tollarar og syndarar var til bords saman med Jesus og læresveinane hans, for det var mange som følgde han. 16 Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?» 17 Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
Fest og faste
18 Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?» 19 «Kan vel bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Så lenge dei har brudgomen hos seg, kan dei ikkje fasta. 20 Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når den dagen kjem, då skal dei fasta.
   
21 Ingen syr ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta blir verre. 22 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!»
Jesus og sabbaten
23 Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24 Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» 25 Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? 26 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» 27 Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. 28 Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

16. august 2022

Dagens bibelord

Romarane 9,1–5

Les i nettbibelen

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. ... Vis hele teksten

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.