Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Markus

3 

1 Han gjekk inn i synagogen att. Der var det ein mann som hadde ei visna hand. 2 Og dei heldt auge med Jesus om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. 3 Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!» 4 Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje. 5 Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att. 6 Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.

Folket flokkar seg kring Jesus

7 Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea 8 og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde. 9 Då sa han til læresveinane at dei skulle halda ein båt klar for han, om folket skulle trengja for hardt innpå han. 10 For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han. 11 Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!» 12 Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.

Jesus kallar dei tolv apostlane

13 Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. 14 Han peika ut tolv, *som han òg kalla apostlar,• for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna 15 og ha makt til å driva ut vonde ånder. 16 *Han peika ut dei tolv:• Det var Simon, som han kalla Peter, 17 Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – 18 og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos 19 og Judas Iskariot, han som sveik han.

Jesu makt over vonde ånder

20 Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta. 21 Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.

22 Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.» 23 Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan? 24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande, 25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande. 26 Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han. 27 Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.

28 Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar. 29 Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»

30 Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»

Jesu sanne familie

31 Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. 32 Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine *og systrene dine• står utanfor og spør etter deg.» 33 Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?» 34 Og han såg på dei som sat omkring han, og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! 35 Den som gjer Guds vilje, er bror min, syster mi og mor mi.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.