Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

JESUS TALAR I LIKNINGAR (4,1–34)
Såmannen
4    Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda.  2 Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar.  3 «Høyr!» sa han. «Ein såmann gjekk ut for å så.  4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.  5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt.  6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det, så det ikkje gav grøde.  8 Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»  9 Og han sa: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
   
10 Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane. 11 Han svara: «Til dykk er løyndomen om Guds rike gjeven. Men til dei som er utanfor, blir alt gjeve i likningar, 12 for at dei skal
           sjå og sjå, men ikkje skilja,
           høyra og høyra, men ikkje forstå,
           så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»
13 Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar? 14 Såmannen sår ordet. 15 Dei attmed vegen, det er dei som ordet blir sådd i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sådd i dei. 16 Like eins dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det. 17 Men dei har inga rot og held ut berre ei stund. Når dei møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell dei straks ifrå. 18 Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet, 19 men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde. 20 Men dei som var sådde i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»
Oljelampa
21 Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med ei oljelampe, set dei henne då under eit kar eller under senga? Set dei ikkje lampa på ein haldar? 22 For ingenting er løynt utan at det skal bli synleg, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen. 23 Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»
   
24 Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! I det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk, og endå meir skal de få. 25 For den som har, skal få; men den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.»
Såkornet
26 Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. 27 Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. 28 Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. 29 Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
Sennepsfrøet
30 Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? 31 Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. 32 Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
   
33 Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra. 34 Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.
Jesus stiller stormen
35 Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» 36 Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med. 37 Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. 38 Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» 39 Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. 40 Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» 41 Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

04. desember 2022

Dagens bibelord

Johannes 14,1–14

Les i nettbibelen

1La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg! 2I min Fars hus er det mange rom. Var det ikke slik, hadde jeg da sagt dere at jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere? ... Vis hele teksten

1La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg! 2I min Fars hus er det mange rom. Var det ikke slik, hadde jeg da sagt dere at jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere? 3Og når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er. 4Og dit jeg går, vet dere veien.» 5Tomas sier til ham: «Herre, vi vet ikke hvor du går. Hvordan kan vi da vite veien?» 6Jesus sier: «Jeg er veien, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg. 7Har dere kjent meg, skal dere også kjenne min Far. Fra nå av kjenner dere ham og har sett ham.» 8Da sier Filip: «Herre, vis oss Far, det er nok for oss.» 9Jesus svarer: «Kjenner du meg ikke, Filip, enda jeg har vært hos dere så lenge? Den som har sett meg, har sett Far. Hvordan kan du da si: ‘Vis oss Far’? 10Tror du ikke at jeg er i Far og Far i meg? De ord jeg sier til dere, har jeg ikke fra meg selv: Far er i meg og gjør sine gjerninger. 11Tro meg: Jeg er i Far og Far i meg. Om ikke for annet, så tro det for selve gjerningenes skyld. 12Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som tror på meg, skal også gjøre de gjerningene jeg gjør, ja, enda større gjerninger, for jeg går til Far. 13Og det dere ber om i mitt navn, vil jeg gjøre, så Faderen skal bli æret gjennom Sønnen. 14Dersom dere ber meg om noe i mitt navn, vil jeg gjøre det.

Dagens bibelord

Johannes 14,1–14

Les i nettbibelen

1Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? ... Vis hele teksten

1Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4Og dit eg går, veit de vegen.» 5Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.» 8Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.» 9Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far. 13Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen. 14Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Dagens bibelord

Johannes 14,1–14

Les i nettbibelen

1Allos din váibmu lehko leabuheapme. Oskot Ipmilii ja oskot munnje. 2Mu Áhči viesus leat ollu lanjat. Dajašingo mun muđui ahte manan gárvvistit didjiide saji? ... Vis hele teksten

1Allos din váibmu lehko leabuheapme. Oskot Ipmilii ja oskot munnje. 2Mu Áhči viesus leat ollu lanjat. Dajašingo mun muđui ahte manan gárvvistit didjiide saji? 3Mun manan gárvvistit didjiide saji, muhto boađán fas ruoktot ja vieččan din lusan, vai dii lehpet doppe gos mun lean. 4Ja dii gal diehtibehtet geainnu dohko gosa mun manan.” 5Tomas dajai sutnje: “Hearrá, eat mii dieđe gosa don manat. Mo mii de sáhttit diehtit geainnu?” 6Jesus vástidii: “Mun lean geaidnu, duohtavuohta ja eallin. Ii oktage boađe Áhči lusa muđui go mu bokte. 7Jos dii dovdabehtet mu, de oahppabehtet dovdat maiddái mu Áhči. Dii dovdabehtet su juo dál, diihan lehpet oaidnán su.” 8Filip dajai sutnje: “Hearrá, divtte min oaidnit Áhči, de das lea midjiide galle.” 9Jesus vástidii: “Itgo don, Filip, dovdda mu, vaikko mun lean leamaš juo ná guhká din luhtte? Gii lea oaidnán mu, dat lea oaidnán Áhči. Mo don de sáhtát dadjat: ‘Divtte min oaidnit Áhči’? 10Itgo don oskko ahte mun lean Áhči siste ja Áhčči lea mu siste? Go mun sártnun didjiide, de mun in sártno iešalddán: Áhčči lea mu siste ja dahká iežas daguid. 11Oskot munnje go mun cealkkán ahte mun lean Áhči siste ja Áhčči lea mu siste. Jos dii muđui ehpet oskko, de oskot mu daguid dihte. 12Duođaid, duođaid, mun cealkkán didjiide: Dat gii osku munnje, dahká daid daguid maid mun dagan, ja velá stuoribuidge, dasgo mun manan Áhči lusa. 13Ja maid ihkinassii dii átnubehtet mu nammii, dan mun dagan, vai Áhčči hearvásin dahkkojuvvo Bártni bokte. 14Juos dii átnubehtet juoidá mu nammii, de mun dagan dan.