Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Markus

1

Døyparen Johannes står fram

1 Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.

2 Hos profeten Jesaja står det skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydda vegen for deg.

3 Ei røyst ropar i øydemarka:

Rydd Herrens veg,

gjer stigane hans rette!

4 Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5 Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7 Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8 Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Jesu dåp og freisting

9 På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. 10 Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. 11 Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

12 Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka, 13 og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.

Jesus tek til med si gjerning

14 Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium 15 og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»

Dei første læresveinane

16 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar. 17 Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 18 Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.

19 Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna. 20 Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.

Ein dag i Kapernaum

21 Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste. 22 Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.

23 No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa: 24 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!» 25 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» 26 Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han. 27 Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.» 28 Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.

29 Frå synagogen gjekk dei heim til Simon og Andreas saman med Jakob og Johannes. 30 Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus. 31 Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.

32 Då det vart kveld og sola gjekk ned, kom dei til han med alle som var sjuke eller hadde vonde ånder. 33 Heile byen var samla utanfor døra. 34 Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.

Jesus bed og forkynner

35 Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han. 36 Simon og dei som var med han, skunda seg etter, 37 og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!» 38 Men han svara: «Lat oss fara vidare til småbyane her omkring, så eg kan forkynna der òg. Det er difor eg er komen.»

39 Så drog han omkring i heile Galilea, forkynte i synagogane deira og dreiv ut dei vonde åndene.

Den spedalske mannen

40 Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.» 41 Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» 42 Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein. 43 Jesus tala strengt til han og sende han straks bort. 44 «Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

45 Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.