Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salomos ordtak

27 

1 Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen,

for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.

2 Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn,

ein framand, ikkje dine eigne lepper.

3 Steinen er tung, og sand veg mykje,

men ein dum som er sint, er tyngre enn begge.

4 Harmen er grufull, vreiden er ein flaum,

men kven kan stå seg mot sjalusi?


5 Betre er open kritikk enn skjult sympati.

6 Sår frå ein ven er til å lita på,

men fiendens kyss er svikefulle.

7 Den mette vrakar den finaste honning,

alt beiskt smakar søtt for den svoltne.

8 Lik ein fugl som flyg frå reiret,

er ein mann som flyg frå heimen.

9 Olje og røykjelse gleder hjartet,

god venskap styrkjer sjela.

10 Gjev ikkje slepp på din ven

og på venen til far din;

gå ikkje heim til ein bror

på ulukkedagen din.

Betre med ein nær granne

enn ein bror langt borte.


11 Bli vis, son min, og gled mitt hjarte,

så eg kan svara dei som håner meg.

12 Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,

dei vitlause går på og får si straff.

13 Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,

ta pant i dei for dei ukjende!

14 Når nokon velsignar sin neste

med høg røyst tidleg om morgonen,

er det å rekna som ei forbanning.


15 Som stadig takdrop ein regnvêrsdag,

slik er ei trettekjær kvinne.

16 Å gøyma henne er som å gøyma vinden

eller å gripa olje med handa.

17 Jern kvesser jern,

og det eine mennesket kvesser det andre.

18 Den som passar på fikentreet, får eta frukta;

den som tek vare på herren sin, vinn ære.

19 Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet,

finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.

20 Dødsrike og avgrunn blir aldri mette,

og menneskeauga får aldri nok.

21 Sølv prøver ein i digelen

og gull i smelteomnen,

og mannen når han får ros.

22 Støyter du den dumme i mortaren

og knuser han saman med kornet,

går dumskapen likevel ikkje av han.


23 Merk deg korleis sauene ser ut,

syt vel for buskapen din!

24 For rikdom varer ikkje evig.

Går eit diadem frå slekt til slekt?

25 Når nytt gras kjem til syne etter slåtten

og høyet frå fjella er samla inn,

26 då har du lam som gjev deg klede,

og bukkar til å kjøpa jord for,

27 du har geitemjølk nok til å fø deg sjølv og ditt hus

og livsopphald for tenestejentene.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.